Plognebb
Plognebb | |
Plognebb Illustrasjon av John Gerrard Keuleman, 1904 | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Kråkefamilien Corvidae |
Slekt: | Eulacestoma |
Art: | Plognebb E. nigropectus |
Vitskapleg namn | |
Eulacestoma nigropectus |
Plognebb (Eulacestoma nigropectus) er ein Oscines+sporvefugl. Han var tidlegare trudd å vere ein medlem av plystrarfamilien, men er nyleg sett inn i sin eigen familie Eulacestomatidae.[1] Han er endemisk for Ny-Guinea.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Plognebb er ein liten, ca. 13 - 14 centimeter lang, olivenbrun sporvefugl med eit kraftig, tjukt lateralt samantrykt og kileforma, svart nebb, som brukast til å pløye inn i daude greiner, bork og kvistar i jakta på insektføde. Kjønna er ulike. Hannen har svart underside, svarte venger og ein stor rund rosa hudflik på kinnet. Panna er meir gylden enn resten av hovudet. Hofuglen har olivengrøn fjørdrakt og bleik olivenfarge på undersida. Berre vaksne hannar har hudflikar.
Habitata ligg i skog, ofte med bambus i høgder på mellom 1950 og 2850 moh. i det indre av Ny-Guinea. [2]
Populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Wattled Ploughbill» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2016.
- Referansar
- ↑ Schulenberg T.S.; M. J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. august 2016
- ↑ Boles, W. (2016). Wattled Ploughbill (Eulacestoma nigropectus) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. september 2016
- ↑ BirdLife International (2016) Species factsheet: Eulacestoma nigropectus. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. september 2016