Pokémon Go
'Pokémon Go' | |||
Utviklar(ar) | Niantic | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | Niantic | ||
Distributør | Google Play, App Store | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Tatsuo Nomura | ||
Kunstnar | Dennis Hwang, Yūsuke Kozaki | ||
Komponist(ar) | Junichi Masuda | ||
Serie | Pokémon | ||
Spelmotor | Unity | ||
Siste versjon | 0.277.2, 0.277.2 | ||
Plattform(er) | iOS, Android, Apple Watch | ||
Utgjeving | 16. juli 2016 (Noreg) | ||
Sjanger | Utvida røyndom | ||
Spelemodus | Enkeltspelar, fleirspelar | ||
Nettstad | https://pokemongolive.com | ||
Del av serien Pokémon spin-off, Pokémon hovudserie, Pokémon⠀ |
Pokémon Go er eit dataspel utvikla og utgjeve av Niantic for iOS, Android og Apple Watch-einingar. Spelet bruker lokaliseringsfunksjonen i mobileininga til å plassere virtuelle figurar, kjend som pokémonar, på ulike stader i den verkelege verda. Spelarane bruker den mobile eininga til å lokalisere, fange, kjempe mot og trene opp pokémonane. Skapningane kjem fram på skjermen på mobileinigna, som om dei skulle vere på den same plassen som spelaren. Spelet lèt spelarane kjøpe ekstra utstyr i spelet mot pengar.
Pokémon Go kom først offisielt ut i Australia, New Zealand og Nord-Amerika 6. juli 2016. Spelet kom offisielt ut i Noreg 16. juli 2016, og var då tilgjengeleg i dei fleste landa i Europa.[1]
Pokémon Go vart etter lanseringa raskt eit globalt fenomen og ein av dei mest lønnsame mobilappane i 2016. Spelet har vorte lasta ned meir enn 500 millionar gonger. Pokémon Go har hausta ros for å fremje fysisk aktivitet og for å vere ein inkluderande sosial arena, men har også vore kontroversielt ved å vere årsak til ulukker og utvikle seg til ei offentleg plage enkelte stader.[2][3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Pokémon GO er lansert i Norge». TV2. Henta 24.09.2015.
- ↑ «"Privat område, ingen Pokemon Stop"». NRK. Henta 24.09.2015.
- ↑ «Huseier lei av pokémonjegere - saksøker spillprodusenten». Bergens Tidende. Henta 24.09.2015.