Pommernbukta
Utsjånad
Pommernbukta (polsk: Zatoka Pomorska; tysk: Pommersche Bucht) er ei bukt sørvest i Austersjøen ved kysten av Polen og Tyskland.
Sør for bukta ligg Stettiner Haff der elva Oder munnar ut, og mellom desse to sjøområda ligg øyane Usedom/Uznam og Wolin der tre sund knyter Pommerbukta og Stettiner Haff i saman: Dziwna, Świna og Peenestrom. I vest ligg den tyske øya Rügen, og i nord den danske Bornholm.
Det største djupet i bukta er er berre 20 meter og saliniteten er om lag 8‰. Det er laga ein djupare vassveg over Pommernbukta frå hamna i Szczecin via elva Oder, Stettiner Haff og Świna, slik at større skip kan nå hamna i Świnoujście og Szczecin.
Dei viktigaste hamnebyane er:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Bay of Pomerania frå Engelsk Wikipedia .