Portlanditt
Utsjånad
Portlanditt | |||
Portlanditt og ettringitt | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksydmineral | ||
Kjemisk formel | Ca(OH)2 | ||
Strunz-klassifisering | 04.FE.05 | ||
Dana-klassifisering | 06.02.01.04 brucittgruppa | ||
Krystallsymmetri | Trigonal (3 2/m) - heksagonal ulikesida | ||
Einingscelle | a = 3.589 Å, c = 4.911 Å; Z = 1 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | fargelaus, kvit til grønaktig kvit | ||
Krystallform | Heksagonale plater; vanlegvis trådaktig, pulveraktig, massive. | ||
Krystallsystem | Trigonal | ||
Kløyv | perfekt på {0001} | ||
Fastleik | Kan skjerast med fleksible kløyvplater | ||
Mohs hardleiksskala | 2 | ||
Glans | perleaktig på kløyv | ||
Transparens | Gjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2.23 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.574 nε = 1.547 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.027 | ||
Oppløyselegheit | Oppløyseleg i vatn som skapar ei alkalisk løysing | ||
Endrar seg til | Endrar til CaCO3 i vatn med CO2 | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Portlanditt er eit kalsiumhydroksid, Ca(OH)2. Det er eit fargelaust, trigonalt mineral som finst som sekskanta plater i visse kontaktmetamorfe bergartar. Portlandsement inneheld Ca(OH)2 danna ved utfelling.
Det vart først skildra i 1933 etter ein førekomst ved Scawt Hill i Larne i County Antrim i Nord-Irland. Han vart kalla portlanditt fordi det kjemiske kalsiumhydroksydet er eit vanleg hydrolyseprodukt ved portlandsement.[2][1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Portlanditt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/portlanditt.
- ↑ 1,0 1,1 Handbook of Mineralogi
- ↑ 2,0 2,1 Portlandite at Mindat.org
- ↑ Portlandite at Webmineral
- ↑ Palache, C., H. Berman, and C. Frondel, Dana’s System of Mineralogi, Wiley, 1944, (7th edition), v. I, s. 641–642