Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Programvaredefinert radio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Programvaredefinert radio er eit sambandssystem der delar av signalbehandlinga blir utført med programvare i staden for maskinvare. Ofte dreiar det seg om funksjonar som tidligare vart utført ved hjelp av elekroniske kretsar som heller vert implementerte som programvare på ei personleg datamaskin, eller i eit innebygt system.[1]

Konseptet inneber at operasjonar som til dømes miksing og filtrering vert gjorde digitalt i programvara, i tillegg til signalhandsaming som deteksjon og modulasjon/demodulasjon osv. Programvaredefinert radio gjev langt meir fleksible system fordi radioen kan omprogrammerast til å bruka andre modulasjonsmetodar, bølgeformer eller frekvensområde.

Programvaredefinert radio blir mellom anna brukt i mobiltelefonar, trådlause datanett, digitalt fjernsyn og digital radio.

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. Software Defined Radio: Architectures, Systems and Functions (Markus Dillinger, Kambiz Madani, Nancy Alonistioti) side xxxiii (Wiley & Sons, 2003, ISBN 0-470-85164-3)