Pseudomalakitt
Utsjånad
Pseudomalakitt | |||
Pseudomalakitt frå Flinders County i New South Wales i Australia. Prøven er 4,3 cm | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Fosfatmineral | ||
Kjemisk formel | Cu5(PO4)2(OH)4 | ||
Strunz-klassifisering | 08.BD.05 | ||
Dana-klassifisering | 41.04.03.01 | ||
Krystallsymmetri | Monoklin 2/m | ||
Einingscelle | a = 4.47 Å, b = 5.75 Å, c = 17.05 Å; β = 91.06°; Z = 2 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 575.7 g | ||
Farge | Mørk smaragdgrøn til svartaktig grøn | ||
Krystallform | Krystallar, som er sjeldne, er prismatiske, vanlegvis med ei ujamn overside. Vanlegvis kompakt, nyreforma eller botryoidal, eller kan vere trådaktig eller i skorper og filmar. | ||
Krystallsystem | Monoklin prismatisk | ||
Tvilling | på {100} | ||
Kløyv | perfekt på {100}, tydeleg på {010} | ||
Brot | Flisete eller muslig | ||
Mohs hardleiksskala | 4.5-5 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | Blågrøn, bleikare enn mineralet | ||
Transparens | Gjennomskinneleg til nesten gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | (Målt) 4.15 til 4.35 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.791 nβ = 1.856 nγ = 1.867 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.076 | ||
Pleokroisme | Svak; X = blågrøn til bleik grøn; Y = gulaktig grøn; Z = mørkeblågrøn til blågrøn | ||
2V-vinkel | 48° | ||
Dispersjon (spreiing) | Kraftig r<v. Òg Toaksa (+) r>v | ||
Oppløyselegheit | Oppløyseleg i syrer, men utan bobling (i motsetnad til malakitt som bobler i varm saltsyre) | ||
Andre eigenskapar | Ikkje fluorescerande, ikkje radioaktiv | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Pseudomalakitt er eit grønt mineral av kopar og fosfat, Cu5(PO4)2(OH)4. Det vert danna ved forvitring av koparertsar. Det liknar koparkarbonatet malakitt.
Typelokalitet er Virneberg-gruva i Rheinbreitbach i Westerwald i Rheinland-Pfalz i Tyskland. Dette er eit område der gruvedrift for kopar går attande til romersk tid, og som vart driven i periodar fram til 1872.[1]
I Noreg er det funne på sprekker i kvartsitt i eit steinbrot ved Heddalsvann.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Pseudomalakitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/pseudomalakitt.
- ↑ 1,0 1,1 http://www.mindat.org/min-3299.html Mindat.org
- ↑ http://www.webmineral.com/data/Pseudomalachite.shtml
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/pseudomalachite.pdf Handbook of Mineralogi
- ↑ Gaines et al (1997). Dana’s New Mineralogi Eighth Edition. Wiley