Rage in Eden
Rage in Eden Studioalbum av Ultravox | ||
Utgjeve | 11. september 1981 | |
Innspelt | 1981 | |
Studio | Conny's Studio in Cologne, West Tyskland | |
Sjanger | ||
Lengd | 45:34 | |
Selskap | Chrysalis | |
Produsent |
| |
Ultravox-kronologi | ||
---|---|---|
Vienna (1980) |
Rage in Eden | Quartet (1982)
|
Singlar frå Rage in Eden | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Release Magazine | [2] |
Smash Hits | [3] |
Rage in Eden er det femte studioalbumet til det britiske new wave-bandet Ultravox. Det kom ut i 1981 på Chrysalis. Albumet nådde fjerdeplassen på den britiske albumlista og selde til gullplate i Storbritannia for meir enn hundre tusen selde eksemplar.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Musikkstilen på albumet er den same elektroniske new wave-stilen som bandet utvikla på dei to førre albuma, Systems of Romance og Vienna, men har ein meir kompleks og introspektiv stil. Albumet inneheld fleire lengre spor og dei siste tre spora heng saman i ein einaste lang sekvens. Tekstane består av mange obskure og surrealistiske bilete. Refrenget på tittelsporet «Rage in Eden» er refrenget på «I Remember (Death in the Afternoon)» spelt baklengs.[4][5]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Som på dei to førre albuma deira, vart Rage in Eden samprodusert av Conny Plank. Det vart spelt inn i studioet hans i Köln i Vest-Tyskland. Det abstrakte plateomslaget vart designa av Peter Saville, som var kjend for samarbeidet sitt med New Order. Alle nyutgjevingane av albumet sidan 1981 har eit anna plateomslaget, på grunn av lisensproblem med det originale omslaget.
Ei ommastra utgåve kom ut 22. september 2008, med ei ekstra plate med sjeldne og tidlegare ikkje-utgjevne materiale. I tillegg til dette er det originale omslaget nytta.
«The Thin Wall» og «The Voice» vart gjevne ut på singlar frå albumet.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «The Voice» | 6:01 |
2. | «We Stand Alone» | 5:39 |
3. | «Rage in Eden» | 4:12 |
4. | «I Remember (Death in the Afternoon)» | 4:57 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
5. | «The Thin Wall» | 5:39 |
6. | «Stranger Within» | 7:26 |
7. | «Accent on Youth» | 5:57 |
8. | «The Ascent» | 1:10 |
9. | «Your Name (Has Slipped My Mind Again)» | 4:29 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
10. | «I Never Wanted to Begin» | 3:31 |
11. | «Paths and Angles» | 4:19 |
12. | «I Never Wanted to Begin» (lengre versjon) | 6:17 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «I Never Wanted to Begin» (B-side til «The Thin Wall») | 3:31 |
2. | «Paths and Angles» (B-side til «The Voice») | 4:19 |
3. | «I Never Wanted to Begin» (lengre versjon) | 6:17 |
4. | «Private Lives» (live i Crystal Palace, 13. juni 1981, B-side til 12"-utgåva av «The Voice») | 4:51 |
5. | «All Stood Still» (live i Crystal Palace, 13. juni 1981, B-side til 12"-utgåva av «The Voice».) | 4:19 |
6. | «I Remember (Death in the Afternoon)» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.) | 5:47 |
7. | «Stranger Within» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.) | 8:02 |
8. | «Rage in Eden» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.) | 4:26 |
9. | «Accent on Youth» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.) | 4:45 |
10. | «The Ascent» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.) | 2:27 |
11. | «Your Name (Has Slipped My Mind Again)» (live i Hammersmith Odeon, 17. oktober 1981.) | 4:45 |
12. | «Stranger Within» (Work in Progress Mix) | 7:11 |
13. | «The Thin Wall» (Work in Progress Mix) | 5:16 |
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Album
Liste | Plassering |
---|---|
UK | 4 |
Australia[6] | 20 |
Sverige | 5 |
Noreg | 20 |
Tyskland | 48 |
USA | 144 |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1981 | «The Thin Wall» | UK Singles Chart | 14 |
«The Voice» | UK Singles Chart | 16 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
New Zealand (RMNZ)[7] | Gull | 7 500^ |
Storbritannia (BPI)[8] | Gull | 100 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Ultravox
- Warren Cann – trommer, elektronisk perkusjon, vokal, (solovokal på «Paths and Angles»)
- Chris Cross – bass, synthesizer, vokal, (gitar på «Paths and Angles»)
- Billy Currie – synthesizer, piano, fiolin, bratsj
- Midge Ure – solovokal, gitar, synthesizer (utanom «Paths and Angles»)
- Andre medverkande
- Conny Plank – produsent, lydteknikar
- Peter Saville Associates – originalt plateomslag
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rage in Eden» frå Wikipedia på engelsk, den 5. september 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Thompson, Dave. Rage in Eden på Allmusic
- ↑ Eliasson, Tobias (6. november 2008). «Ultravox: Rage in Eden». Release Magazine. Henta 20. desember 2013.
- ↑ Black, Johnny (19. september 1981). «Album Reviews (Ultravox - «Rage In Eden»)». Smash Hits (EMAP Metro) 3 (19): 29.
- ↑ Ultravox Rage in Eden Diffuser.fm
- ↑ Rage in Eden TV Tropes
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «New Zealand album salstrofé – Ultravox – rage In Eden». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 5. september 2020.
- ↑ «British album salstrofé – Ultravox – Rage In Eden». British Phonographic Industry. Henta 5. september 2020. Enter Rage In Eden in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go