Rikard Olsvik
Rikard Olsvik | |||
Fødd | 6. februar 1930 Aure kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 21. august 2017 (87 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Rikard Sverre Olsvik (6. februar 1930–21. august 2017) var ein norsk skulemann og politikar frå Aure på Nordmøre. Han representerte Møre og Romsdal og Arbeidarpartiet på Stortinget i tida 1981 til 1993.
Olsvik var son til ein gardbrukar. I ungdomsåra gjekk han folkehøgskule og realskule. Han tok eksamen ved lærarskule i 1954 og underviste så på skular i Tustna og i Stangvik i åra 1955-64. Skuleåret 1964/65 arbeidde han i Sunndal kommune. Frå 1965 var han styrar ved Rindal barne- og ungdomsskule til 1981.
Olsvik engasjerte seg i og for Arbeidarpartiet, og var perioden 1960-63 medlem av både kommunestyret i Tustna og formann i skulestyret i kommunen. Sidan var han 1968-75 med i Rindal kommunestyre, med plass i formannskapet og toårsperioden 1972-73 også ordførar. Frå 1976 til 1983 var han medlem i Møre og Romsdal fylkesting, der han i 1980-81 var nestformann i næringsutvalet.
Ved stortingsvalet 1981 vart Olsvik vald til å representere Møre og Romsdal og Arbeidarpartiet på Stortinget, sidan attvald i 1985 og 1989. På Stortinget var han den fyrste fireårsperioden medlem i Landbrukskomiteen. Deretter var han sekretær i Forsvarskomiteen i fem år, til han 8. november 1990 vart flytta over i Samferdselskomiteen, i samband med at Gro Harlem Brundtland tok over som regjeringssjef etter Jan P. Syse. Elles var Olsvik leiar av Fullmaktskomiteen frå 22. mars 1990.
Frå 1994 til -98 var Olvik ein av riksrevisorane. Han var elles på ny medlem 1995-99 i Rindal kommunestyre.
Olsvik døydde på sjukeheimen i Rindal.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1930
- Døde i 2017
- Norske skulefolk
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Ordførarar i Rindal
- Ap-ordførarar i Møre og Romsdal
- Folk frå Aure
- Ap-politikarar i Møre og Romsdal