Rock It av Chuck Berry
Utsjånad
Rockit Studioalbum av Chuck Berry | ||
Språk | engelsk | |
Innspelt | Berry Park Studios i Wentzville i Missouri | |
Sjanger | Rock and roll | |
Lengd | 36:00 | |
Selskap | Atco | |
Produsent | Chuck Berry | |
Chuck Berry-kronologi | ||
---|---|---|
Chuck Berry Live in Concert (1978) |
Rockit | The Great Twenty-Eight (1982)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
The Village Voice | B+[2] |
Rockit er eit studioalbum av Chuck Berry, utgjeve i 1979 av Atco Records. Det var den einaste utgjevinga hans for selskapet.[3] Atco var det tredje selskapet Berry spelte inn plater for, etter å ha vore hos Chess Records det meste av karrieren, avbroten av ein kort periode hos Mercury Records i 1960-åra.
Rockit var det siste studioalbumet til Berry på 38 år, før Chuck kom i 2017.[4] Det er òg det siste studioalbumet som kom ut medan han levde. I lag med St. Louis to Liverpool i 1964, rekna Robert Christgau Rockit som eit av to album av Berry som var «verdt namnet».[5]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar er skrivne av Chuck Berry.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Move It» | 2:31 |
2. | «Oh What a Thrill» | 3:08 |
3. | «I Need You Baby» | 3:11 |
4. | «If I Were» | 3:04 |
5. | «House Lights» | 4:30 |
Alle songar er skrivne av Chuck Berry.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «I Never Thought» | 3:52 |
7. | «Havana Moon» (nyinnspeling) | 5:08 |
8. | «Wuden't Me» | 2:42 |
9. | «California» | 2:19 |
10. | «Pass Away» | 5:35 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Chuck Berry – gitar, vokal
- Kenny Buttrey – trommer
- Johnnie Johnson – piano
- Jim Marsala – bass
- Bob Wray – bass
- Teknisk
- Tony Gottlieb - produkskjonsassistent
- Doug Morris - leiande produsent
- Kyle Lehning – lydteknikar, miksing
- Bob Defrin - kunstnarisk leiar
- Don Brautigam - illustrasjon
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rock It av Chuck Berry» frå Wikipedia på engelsk, den 9. juli 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Allmusic review
- ↑ Village Voice review
- ↑ Allmusic entry for Rock It. Henta 9. juli 2017
- ↑ Kreps, Daniel. «Chuck Berry Celebrates 90th Birthday With First Album in 38 Years». Rolling Stone. Henta 9. juli 2017.
- ↑ Christgau, Robert (9. juni 2017). «Thoughts on a Fucked Up Genius: Robert Christgau Reviews Chuck Berry». Vice. Henta 9. juli 2017.