Rolf Nevanlinna-prisen
Utsjånad
Rolf Nevanlinna-prisen eller Nevanlinna-prisen er ein matematikkpris som vert delt ut av International Mathematical Union på den internasjonale matematikarkongressen kvart fjerde år. Prisen vert gjeven til unge matematikarar som driv med dei matematiske aspekta ved informasjonsvitskap. Prisen vert finansiert av Helsingfors universitet og vart delt ut første gong 1982. Prisen er kalla opp etter den finske matematikaren Rolf Nevanlinna.
Prisvinnarar
[endre | endre wikiteksten]År | Prisvinnar | Nasjonalitet | |
---|---|---|---|
1982 | Robert Tarjan | USA | |
1986 | Leslie Valiant | Storbritannia | |
1990 | Aleksander Razborov | Russland | |
1994 | Avi Wigderson | Israel | |
1998 | Peter Shor | USA | |
2002 | Madhu Sudan | India/ USA | |
2006 | Jon Kleinberg | USA | |
2010 | Daniel Spielman | USA | [1] |
2014 | Subhash Khot | India |