Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Ronco sopra Ascona

Koordinatar: 46°8′0″N 8°44′0″E / 46.13333°N 8.73333°E / 46.13333; 8.73333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ronco sopra Ascona
Ronco sopra Ascona
Ronco sopra Ascona
Ronco sopra Ascona
Plassering
Ronco sopra Ascona is located in
Styresmakter
Land  Sveits
Kanton Ticino
Distrikt Locarno
Språk italiensk
Borgarmeister Paolo Senn
Geografi
Flatevidd
 - kommune

5,02 km²
Innbyggjarar
 - kommune (desember 2010)
   - folketettleik

678
  135,1 /km²
Koordinatar 46°8′0″N 8°44′0″E / 46.13333°N 8.73333°E / 46.13333; 8.73333
Høgd over havet 353 moh.
Diverse annan informasjon
Postnummer 6622
Nettstad: www.ronco-s-ascona.ch

Ronco sopra Ascona er ein kommune i distriktet Locarno i kantonen Ticino i Sveits. Kommunen, som ligg på nordvestsida av innsjøen Lago di Maggiore, har 678 innbyggjarar (2010) og eit areal på 5,02 km². Kommunesenteret ligg 353 meter over havet.

Den opphavlege landsbyen utvikla seg utover på 1900-talet til også å verte ein kunstnarlandsby, og seinare ein fristad for tyskarar som hadde flykta frå Nazi-Tyskland. Mellom dei som slo seg ned i landsbyen var forfattaren Erich Maria Remarque og kona Paulette Goddard, begge er gravlagde på staden.

Målaren Antonio Ciseri var frå landsbyen.