Rotasjonsperiode
Utsjånad
Rotasjonsperioden er den tida det tek for ein lekam i rommet å rotera éin gong rundt sin eigen akse. For solide lekamar er rotasjonsperioden den same over heile lekamen, men for lekamar sett saman av gass eller væske vil rotasjonsperioden vera ulik ved ekvator og polane.
Siderisk rotasjonstid er den tida ein himmellekam brukar på dreie seg ein gang rundt sin eigen akse, det vil sei rotasjonstida i forhold til eit fast punkt på stjernehimmelen. Den sideriske rotasjonstida til jorda er eit siderisk døgn.
Rotasjonsperioden til nokre kjende lekamar
[endre | endre wikiteksten]Sola | 24,66 d ved ekvator, om lag 35 døgn nær polane |
Merkur | 58,6462 d (58 d 15,5088 t) |
Venus | −243,0185 d |
Jorda | 0,997268 d (23,9344 t) (86164 s) |
Månen | 27,321661 d (bunden rotasjon) |
Mars | 1,025957 d (24,622962 t) |
Jupiter | 0,413538021 d (9 t 55 min 29,685 s) |
Saturn | 0,4440092592 d (10 t 39 min 22,40000 s) |
Uranus | −0,718333333 d (17 t 14 min 24,00000 s) |
Neptun | 0,67125000 d (16 t 6 min 36,00000 s) |
Pluto | −6,387 d (6 d 9 t 17,6 min) |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Siderisk Rotasjonstid», Store norske leksikon, 15. februar 2009, henta 13. august 2014