Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Rubí

Koordinatar: 41°29′N 2°2′E / 41.483°N 2.033°E / 41.483; 2.033
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rubí
Flagget til Rubí Byvåpenet til Rubí
Flagget til Rubí Byvåpenet til Rubí


Plassering
Rubí is located in
Styresmakter
Land  Spania
Autonom region Catalonia
Provins Barcelona
Borgarmeister Carmen García Lores
Geografi
Flatevidd
 - By

33,44 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

71 927
  2 150,9 /km²
Koordinatar 41°29′N 2°2′E / 41.483°N 2.033°E / 41.483; 2.033
Høgd over havet 124 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 08191
Nettstad: www.ajrubi.cat

Rubí er ein by og ein kommune i Catalonia i Spania i provinsen Barcelona, 15 km frå sjøve Barcelona. Han har kring 70 000 innbyggjarar. I nord grensar han til Terrassa og Ullastrell, i sør til Sant Cugat del Vallès, i vest til Castellbisbal og i aust til Sant Quirze del Vallès.

Ein meiner at byen har romersk opphav ved elva Rubeo. Då Vilfred den hårete døydde, vart grensa mellom Al-Andalus og Catalonia sett til elva Llobregat. Rubí låg derfor særs nær grensa. I 1233 vart det bygd ei borg i byen.

Med den industrielle revolusjonen voks byen kraftig, og særleg var tekstilindustrien i byen viktig. Nokre av dei tidlege møllene finst framleis.

I 1919 fekk byen jernbanesamband til Barcelona og Terrassa.

Rubí mista det meste av jordbruket sitt i 1962 då ein katastrofal flaum øydela dei nedre delane av byen.