Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Sør-min

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sør-min
闽南语 (forenkla, 閩南語 (tradisjonelt), pinyin Mǐnnányǔ, POJ Bân-lâm-gú
Klassifisering Sinotibetansk
 Kinesisk
  Min
Bruk
Tala i Kina (Folkerepublikken Kina og Taiwan), Malaysia, Indonesia, Singapore, Thailand, Filippinane, Vietnam, USA
Sør-mintalande i alt 47 millionar (1984–1997)
Skriftsystem Kinesisk skrift eller latinske bokstavar
Språkkodar
ISO 639-3 nan

Sør-min eller minnan er ei kinesisk dialektgruppe innan minspråk. Sør-min er den mest utbreidde gruppa minspråk, og blir hovudsakleg tala i Fujian-provinsen søraust i Kina, i nærliggjande provinsar, på Taiwan og blant utanlandskinesarar, særleg i Søraust-Asia. Innan kinesisk tradisjon blir gruppa rekna som dialektar av det kinesiske språket, medan andre språkforskarar gjerne reknar dei som eigne språk. Sør-minspråk er ikkje gjensidig forståelege med andre minspråk eller med mandarinkinesisk. Nokre sør-minspråk er heller ikkje gjensidig forståelege med kvarandre.

Utbreiing av minnanspråk i Søraust-Kina og på Taiwan.

Dei viktigaste språka inna sør-min er hokkien (Quanzhou–Zhangzhou), taiwansk, teochew og hainanesisk.


Spire Denne språkartikkelen som har med Kina å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.