Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Saltvasskrokodille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saltvasskrokodille
Saltvasskrokodille
Saltvasskrokodille
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av Saltvasskrokodille
Utbreiinga av Saltvasskrokodille
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Krypdyr Reptilia
Orden: Krokodilleordenen Crocodilia
Familie: Krokodille Crocodylidae
Slekt: Crocodylus
Art: Saltvasskrokodille C. porosus
Vitskapleg namn
Crocodylus porosus

Saltvasskrokodille (Crocodylus porosus) er ein krokodilleart som lever i sump- og brakkvassområde i Asia og Oseania. Krokodillen er det største nolevande krypdyret og den største landlevande rovdyret i verda. På det største kan hannkrokodillar bli oppimot 6,7 meter lange og vega så mykje som 2 tonn.

Hannar blir typisk 4,3-5,2 meter lange og veg mellom 400 kg og 1 tonn. Svært store hannar kan nå 6,7 meter og opptil 2 tonn.[2]

Saltvasskrokodillar lever i innlandsvatn, sumpar, marskland og brakkvatn i kystområde og estuar. Dei kviler og legg egg på land.[1]

Ein finn krokodillen i Australia, Brunei, Papua Ny-Guinea, Indonesia, Filippinane, Malaysia, Vietnam, Kambodsja, Myanmar, Bangladesh og India, og på dei mindre øyane Sri Lanka, Solomonøyane, Palau og Vanuatu.[1]

Krokodillane blei rekna som ein truga art på 1980-talet og flytta til den noko tryggare kategorien «sårbar» på 1990-talet, og så «livskraftig» i 1996. I dei fleste land er han regulert under CITES-konvensjonen appendix I, som forbyr handel med verdas mest truga artar. I Australia, Indonesia og Papua Ny-Guinea er dei omfatta av dei litt mindre strenge appendix II-reglane som regulerer handel.[1]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Crocodile Specialist Group 1996. «Crocodylus porosus», The IUCN Red List of Threatened Species. Version 2014.1. <www.iucnredlist.org>. Downloaded on 18 July 2014.
  2. Erickson, GM; Gignac PM; Steppan SJ; Lappin AK; Vliet KA (2012). «Insights into the Ecology and Evolutionary Success of Crocodilians Revealed through Bite-Force and Tooth-Pressure Experimentation». PLoS ONE 7 (3): e31781. doi:10.1371/journal.pone.0031781. ; Guinness Book of World Records. Henta 8. april 2013. Oppgjevne av Engelsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.