Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

San Severo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
San Severo
by
Land  Italia
Region Puglia
Provins Foggia
Areal 336,31 km²
Folketal 49 328  (1. januar 2023)
Borgarmeister Michele Santarelli
Postnummer 71016
Retningsnummer 0882
Kart
San Severo
41°41′42″N 15°22′45″E / 41.695111111111°N 15.379277777778°E / 41.695111111111; 15.379277777778
Wikimedia Commons: San Severo

San Severo er ein by i provinsen Foggia i regionen Puglia i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar.

Han ligg ved foten av fjellet Gargano.

San Severo i 1704

San Severo vart grunnlagd på 1000-talet rundt ei lita kyrkje bygd av benediktinarar frå Montecassino. Byen utvikla seg raskt som handelsby. I 1053 var han åstad for den historiske sigeren til Roberto il Guiscardo over paven sine troppar under pave Leo IX (sjå slaget ved Civitate).

Etter å ha gjort opprør mot keisarriket vart han totalt øydelagd av keisar Fredrik II av Det tysk-romerske riket i 1233 og vart seld til Tempelriddarordenen. Etter dette vart han ein keisarby og sete for guvernøren av Capitanata - eit gamalt namn på provinsen Foggia - og provinsen Molise. I 1579 vart han seld til fyrstinna av Sangro.

I 1799 vart byen erobra av franske soldatar og øydelagd igjen. Overherredøme gjekk i arv frå benediktinarmunkane i klosteret ved Torremaggiore, Tempelriddarane, Kongedømet Napoli og familien som eigde Sangrodalen, herrane av Torremaggiore.

I 1627, 1828 og 1851 vart byen råka av kraftige jordskjelv.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: San Severo