Sanctus
Sanctus, latin for ‘heilag’, er eit liturgisk ledd i den kristne messa, ofte det mest høgtidlege.
Teksten er henta frå lovsongen serafane song til Gud i tempelet i Jerusalem[1] og frå lovsongen folket i Jerusalem hylla Jesus med då han reid inn i byen den fyrste palmesundagen. (Matteusevangeliet 21:9[2]; Markusevangeliet 11.9-10;[3] Johannesevangeliet 12.13[4]).
«Sanctus» er òg namnet på dei små klokkene som blant anna vert bruka ved katolske messer.
Tekst
[endre | endre wikiteksten]Teksten lyder på latin:
Sanctus, Sanctus, Sanctus,
Dominus Deus Sabaoth;
pleni sunt coeli et terra gloria tua.
Hosanna in excelsis.
Benedictus, qui venit in nomine Domini.
Hosanna in excelsis.
I norsk omsetjing lyder han:[5]
Heilag, heilag, heilag er Herren Sebaot,
all jorda er full av hans herlegdom.
Hosianna i det høgste.
Velsigna vere han som kjem i Herrens namn.
Hosianna i det høgste.
Det er skrive mange melodiar til Sanctus. Melodiane kan variere gjennom kyrkjeåret.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sanctus» frå Wikipedia på svensk, den 1. april 2009.