Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Sanremo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sanremo
by
Land  Italia
Region Liguria
Provins Imperia
Areal 55,96 km²
Folketal 52 787  (1. januar 2023)
Borgarmeister Alberto Biancheri
Postnummer 18038
Retningsnummer 0184
Kart
Sanremo
43°49′03″N 7°46′30″E / 43.8175°N 7.775°E / 43.8175; 7.775
Wikimedia Commons: Sanremo

Sanremo eller San Remo er ein by i provinsen Imperia i regionen Liguria i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar. Han ligg ved kysten av Middelhavet heilt vest i Liguria. Han vart grunnlagd i romartida og er ein kjend turistdestinasjon på den italienske rivieraen. Årleg er det fleire kulturarrangement i byen, som Sanremo Musikkfestival.

Byen vart grunnlagd som ein romersk busetnad (Matutia eller Villa Matutiana) og voks tidleg i mellomalderen då innbyggjarane flytta opp i høgda og bygde ei borg her for å verne seg mot plyndringstokta til sarasenarane.

Sanremo kom under grevskapet Ventimiglia og seinare inn under biskopane i Genova, som i 1297 selde han til familiane Doria og De Mari. Han vart ein fri by på andre halvdel av 1400-talet. Den gamle landsbyen som voks fram på Pignaåsen i denne tida er særs godt bevart fram til i dag.

Ei smal gate i La Pigna.

Sanremo klarte å halde seg sjølvstendige frå Genova i lange tider, men i 1753, etter tjue år med harde kampar, vart Sanremo underlagt geneuesarane. Dei bygde festninga Santa Tecla på stranda nær hamna. Festninga vart nytta som fengsel fram til 2002 og vert i dag omforma til eit museum.

Etter den franske perioden under napoleonskrigane kom byen til Savoie i 1814 og vart då annektert av Kongedømet Sardinia.

Byen voks seg større frå misten av 1700-talet og utover og turistindustrien kom tidleg. Dei første hotella vart bygd og byen strekte seg langs kysten. På 1800-talet var det mange kjend namn som vitja byen, som keisarinne Elisabet av Austerrike, tsar Nikolai I av Russland, Alfred Nobel, Italo Calvino, keisarinne Maria Alexandrovna, som den russisk-ortodokse kyrkja var reist for i 1912 av eit lokalt russisk samfunn.

Folk frå Sanremo

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sanremo