Serra da Estrela
Serra da Estrela | |||
fjell | |||
Land | Portugal | ||
---|---|---|---|
Serra da Estrela 40°19′19″N 7°36′47″W / 40.32188889°N 7.61291667°W | |||
Wikimedia Commons: Serra da Estrela |
Serra da Estrela er den høgaste fjellkjeda i Portugal og inneheld det høgaste fjellet på det portugisiske fastlandet (Ponta do Pico på Asorane er høgare) med ei høgd på 1993 meter over havet. Toppen vert kalla Torre (tyder «tårn») og ligg i Loriga i kommunen Seia. Det er eit skisenter i området kalla Vodafone skisenter.
Fjellkjeda, som ligg mellom kommunane Seia og Covilhã, er om lag 100 km lang og 30 km på det breiaste. Ho består av ein stor granittrygg som ein gong danna den sørlege grensa til landet. Med bratte knausar og gjel, elvar og innsjøar, vakre skogar og flott utsyn, er området eit av dei flottaste naturområda i landet.
Fjellkjeda er i dag ein del av ein naturpark med gode høve for skisport.
Det er tre elvar som har kjeldene sine i Serra da Estrela: Mondego, som er den største elva som renn innanfor Portugal sine grenser, Zêzere, som er ei sideelv til Tejo, Alva, ei sideelv til Mondego.
Serra da Estrela-hunden (Cão da Serra da Estrela) er ein hundeart som har fått namn etter området.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Serra da Estrela» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juni 2008.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Serra da Estrela-hunden Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- Turisme i området
- Postkort frå Serra da Estrela
- Turbilete frå Serra da Estrela Arkivert 2011-02-28 ved Wayback Machine.