Sigurd Blekastad
Sigurd Blekastad | |||
Fødd | 24. mai 1848 | ||
---|---|---|---|
Død | 31. juli 1897 (49 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Sigurd Ivarsson Blekastad (24. mars 1848–31. juli 1897) var ein landhandlar, gardbrukar og stortingsmann frå Sel i Oppland.
Blekastad var son til ein gardbrukar i Sel. Han gjekk eit par vintrar på Christopher Bruun sin folkehøgskule og hadde ei kort elevtid på Askov og på Kold sine folkehøgskular i Danmark. Ei kort tid var han huslærar hos Bjørnstjerne Bjørnson. Frå 1866 var han gardbrukar og landhandlar i Vågå. I 1890 vart han tilsett som kontrollør ved brennevins- og malttilverkinga. Blekastad var medlem av heradsstyret og tidvis varaordførar.
Blekastad representerte Kristians amt på Stortinget frå 1883 til 1897. I den fyrste valbolken, 1883-85, var han medlem av vegkomiteen. Frå 1886 var medlem av jarnbanekomiteen, sekretær i denne frå 1889 til -97. 1886-97 medlem av valkomiteen. Sekretær i Odelstinget 1889-91 og i Stortinget 1892-94, medlem av Lagtinget 1892-97. Grunna sjukdom vart han permittert 5. mai 1897. Om sommaren same året døydde han heime i Vågå.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914. Biografier A-K side 102, digital utgåve
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Biografisk informasjon om Sigurd Blekastad NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1848
- Døde i 1897
- Stortingsrepresentantar for Oppland
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar 1889-1891
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar 1895-1897
- Norske gardbrukarar
- Folk frå Sel