Simen Willgohs
Simen Johan Willgohs (fødd 29. desember 1986) er ein norsk ungdomspolitikar, oppvaksen i Fana, og var Bergen SV sin ordførarkandidat for kommunevalet i 2007.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Simen Johan Willgohs vart med i Bergen Sosialistisk Ungdom i 2002, og har vore aktiv i lokallaget sidan det.
Etter valet i 2003, gjekk Willgohs inn i styret i Bergen Sosialistisk Ungdom, der han sat i eit år ut 2004. Eit halvt år seinare, sommaren 2005 vart han vald til leiar for Bergen Sosialistisk Ungdom før han i januar 2006 vart vald til nestleiar i Hordaland Sosialistisk Ungdom. Sommaren 2006 vart han leiar i fylkeslaget etter Ingvild Hunsrød.
I desember 2006 vart Simen Willgohs nominert som ordførarkandidat for Bergen Sosialistisk Venstreparti med andreplass på SV si nominasjonsliste.
Anna
[endre | endre wikiteksten]Han er son av biletkunstnarane Jan Erik Willgohs og Gerd Frantzsen.