Simusjir
46°58′00″N 152°02′00″E / 46.9666667°N 152.0333333°E
Simusjir (russisk Симушир, japansk 新知島) er ei vulkansk øy i Kurilane i Russland
Ei rekkje vulkanar (opp til 1539 moh.) dannar øya, som er 59 km lang og 12 km brei med eit areal på 227,6 km². Ein kaldera på 7,5 km i diameter ligg nordaust på øya og delvis under vatn. Midt på øya ligg Prevotoppen og i sørvest ligg Zavaritskij kaldera med tre kalderaer inni kvarandre.
Administrativt høyrer øya til Sakhalin oblast.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Den russiske sjøfararen Gerasim Izmailov var stranda på Simusjir tidleg i 1770-åra. Han var her eit heilt år og levde av «musling, gras og røter».
Ainufolket og aleutarar busette seg på Simusjir på 1800-talet.
Nordaust på øya ligg Broutonbukta som den sovjetiske marinen nytta som ein hemmeleg ubåtbase mellom 1987 og 1994. Restane av basen kan ein sjå tydeleg på satellittbileta. I dag er ikkje øya busett og fleire sovjetiske landsbyar, som Kraternyj er forlatne.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 8. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Global Volcanism Program
- Simusjir ubåtbase