Sitat
Sitat (frå latin citatum, av citare, 'kalle fram') er ei ordrett attgjeving av noko som er blitt sagt eller skrive tidlegare. Ofte er sitatet ein kortare del av ei utsegn eller eit stykke. Den siterte utsegna kan markerast i skrift med sitatteikn, kolon eller liknande og ein referanse til opphavsperson og kjelde. I munnleg sitering kan ein markera sitat med formuleringar som «Cicero sa...», «farmor seier alltid...», «...sa presten», «som det står i...» og så bortetter. Nokre sitat blir oppattekne så ofte at dei går inn i språket som ordtak, og blir då gjerne brukte utan å visa til opphav.
Sitat blir nytta på ei rekkje område, som i daglegtale, talar, foredrag, intervju, reportasjar, artiklar og bøker. Sitat kan også inngå som del av arkitektur, biletkunst eller i drama- eller musikkstykke. Sitering kan vera eit viktig verkemiddel som gjev tyngde til det ein seier ved å støtta seg på andre. Sitat kan også fungera som dekorasjon eller som tankevekkjar. På fleire område finst det reglar for korleis ein kan bruka sitat. Både innan akadamisk skriving og ved skaping av andsverk må ein oppgje kjelde for sitat for å unngå plagiat.
Ei sitatsamling blir ofte kalla «bevingede ord». Ei større, systematisk ordna samling av sitat blir kalla sitatleksikon.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bruk av sitat
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]På norsk
[endre | endre wikiteksten]- Wikifrasar, Wikimedia-sitatsamling på nynorsk
- Abakaus – søkbare sitat, ordtak, visdomsord og gullkorn
- Bevingede ord, ord, ordtak, munnhell og sitat
- Siterte sitater (ordtak.no) - over 12 000 søkbare sitat og ordtak.
- Eit utval norske ordtak etter Ivar Aasen Arkivert 2007-04-17 ved Wayback Machine.
På andre språk
[endre | endre wikiteksten]- Wikiquote, Wikimedia-sitatsamling på engelsk
- Norske og utanlandske ordspråk
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Citat, Ordbog over det danske Sprog (bind 3, 1921)
- «sitat» i Nynorskordboka.
- «Sitat» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkele henta 27. januar 2014.