Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Sithonía

Koordinatar: 40°13′N 23°41′E / 40.217°N 23.683°E / 40.217; 23.683
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sithonía
Lokalt namn Σιθωνία

Geografi
Stad Makedonía
Koordinatar 40°13′N 23°41′E / 40.217°N 23.683°E / 40.217; 23.683
Areal 514,7 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Sentral-Makedonía
Khalkidikí
Hovudsete Nikíti (2 845 innb.)
Demografi
Folketal 12 080 (2021[1])
Folketettleik 23,5 /km²

Sithonía (gresk Σιθωνία) er ei halvøy og ein kommune i periferieininga Khalkidikí i periferien Sentral-Makedonía i Hellas. Sithonía ligg sør på den sentrale delen av Khalkidikí, med Kassándrahalvøya i vest og Áthoshalvøya i aust.

Vest for halvøya ligg Singitikóbukta og i aust Toronéobukta. Fjellet Ítamos eller Dragoundélis ligg midt på halvøya. Av stader på Sithonía ligg den antikke byen, slottet og kyrkja Ájos Athanásios i Toróni, vindmøllene i Sykiá og kyrkja frå 1500-talet i Nikíti. Pórto Koufó, er den største og tryggaste av dei naturlege hamnene i Hellas, og vert nemnd av Thoukididis som ei «heilag hamn».

Landskapet er dekt av skog, grassletter og fjell.

Administrativ inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Den tidlegare kommunen Sithonía, no kommunaleininga Sithonía

Kommunen vart danna i 2011 ved at ein slo saman dei tidlegare kommunane

Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Sithonía 12 080 innbyggjarar, medan kommunaleininga med same namn hadde 8 750 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Néos Marmarás Sithonía 3 158 2 884
Nikíti Sithonía 2 711 2 845
Sykiá Toróni 1 903 1 865
Ájos Nikólaos Sithonía 1 714 1 735
Sárti Toróni 1 156 1 054
Metangítsi Sithonía 802 823
Toróni Toróni 213 204

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]