Slagskip
Utsjånad
Slagskip er store og pansra krigsskip der hovudbatteriet består av kanonar av det største kaliberet. Slagsskip er større og tyngre armert enn kryssarar og jagarar.
Slagsskipa spela ei stor rolle på slutten av 1800-talet og byrjinga på 1900-talet. Etter at den andre verdskrigen var slutt, mista slagsskipet rolla si, ettersom dei er sårbare ovanfor flyangrep, torpedoar og missil, dei er òg særs dyre i drift.
Norske slagsskip
[endre | endre wikiteksten]Nedanfor er lista over panserskip/kystslagskip i norsk teneste, etter at Noreg fekk eigen marine i 1814:
- Tordenskjold-klassa
- P/S «Tordenskjold» (1897) - Teken av tyskarane i 1940 og omdøypt «Nymphe», attende etter krigen.
- P/S «Harald Haarfagre» (1897) - Teken av tyskarane i 1940 og omdøypt «Thetis», attende etter krigen.
- Eidsvold-klassa
- P/S «Norge» (1900) - Torpedert av tyskarane ved krigsutbrotet i 1940.
- P/S «Eidsvold» (1900) - Torpedert av tyskarane ved krigsutbrotet i 1940.
- Bjørgvin-klassa
- P/S «Bjørgvin» (1912) - Kjøpt av den britiske marinen og gjeve namnet «HMS Glatton».
- P/S «Nidaros» (1912) - Kjøpt av den britiske marinen og gjeve namnet «HMS Gorgon».