Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Slettestruts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Struts
Strutshann
Strutshann
Strutshoe
Strutshoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiingskart. Om utbreiingsområdet i turkis farge for molybdophanes: gjeld den no godtatte systerarten somalistruts
Utbreiingskart. Om utbreiingsområdet i turkis farge for molybdophanes: gjeld den no godtatte systerarten somalistruts
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Strutsefuglar Struthioniformes
Familie: Struthionidae
Slekt: Strutsar Struthio
Art: Struts S. camelus
Vitskapleg namn
Struthio camelus

Slettestruts (Struthio camelus) er ein stor flygeudyktig fugl som er heimehøyrande i Afrika, tidlegare òg i Midtausten. Saman med systerarten somalistruts, Struthio molybdophanes gjer han ut for den biologiske slekta Struthio, einaste slekta i strutsefamilien. Saman med dei biologiske familiane av kiviarNew Zealand, emuar i Australia, nanduar i Sør-Amerika og kasuararNy-Guinea utgjer strutsefamilien ei gruppe strutsefuglar i overordenen Paleognathae. Særtrekk i utsjånaden til arten slettestruts er lang hals og lange bein og han har ei unik evne til å springe, har ein maksimal fart på rundt 70 km/t,[1] dette gjer han til den raskaste landlevande fuglen.[2] Slettestrutsen er den største nolevande fuglearten og hostrutsen legg det største fugleegget av nokon nolevande fugl.

Slettestrutsen er hovudsakleg ein planteetar, sjølv om han òg et animalsk føde i form av virvellause dyr. Han lever i nomadiske grupper på mellom fem og femti individ. Når han er truga, vil strutsen anten skjule seg ved å liggje flatt ned mot bakken, eller han vil springe bort. Viss han blir truga, kan han åtake med spark. Det sosiale systemet for forplanting varierer frå geografisk region til region, men territoriale hannar slåst for eit harem på frå to til sju hofuglar.

Slettestrutsen blir avla som fjørfe rundt om i verda, spesielt for fjørene, som er dekorative og blir òg brukt som fjørkostar. Strutsehuda blir brukt til lêrvarer og kjøtet blir marknadsført kommersielt.[1]

Hovud
Foto: A. Kniesel
Fot
Foto: A. Kniesel
Strutsar som spring
Foto: Nicor

Strutsar veg vanlegvis 63–145 kg,[1][3] strutsar av den austafrikanske underarten S. c. massaicus veg i gjennomsnitt 115 kg og 100 kg for høvesvis hannar og hoer, medan vaksne fuglar uavhengig av kjønn av den største underarten, nominatforma, veg i gjennomsnittleg 111 kg.[1] Særs store individ av hannstrutsar i nominatforma kan vege opp til 156,8 kg.[1] Når hannfuglar er blitt kjønnsmodne etter to til fire år, kan dei vere 2,1 til 2,8 m i høgd, medan hoer varierer mellom 1,7 til 2 m i høgd.[1] Den lange halsen og beina held hovudet opp til 2,8 m over bakken, og auga deira er sagt å vere den største av alle land virveldyr - 50 mm i diameter,[4] dei kan difor oppfatte rovdyr på stor avstand. Auga er skuggelagte frå sollys som fell ovanfrå.[5][6] Men hovudet og nebbet har liten storleik relativt til den enorme kroppsstorleiken.[1] Hannar av slettestruts skil seg frå somalistruts med ein distinktiv kvit ring nedst på halsen som somalistrutsen manglar. Somalistrutshannar derimot har kvitt på den ytste delen av dei korte vengene, noko som slettestrutsen manglar.

Ungfuglar er lys brune med mørkebrune flekker.[7] I løpet av det første leveåret veks ungane ca. 25 cm per månad. Ved eittårsalderen veg strutsar rundt 45 kilo. Levetida deira er opptil 40 til 45 år.

Fjørene til vaksne hannar er stort sett svarte, med kvite primærfjører og ein kvit hale. Hannar av den eine underarten er brungul. Hoer og unge hannar er gråbrune og kvite. Hovudet og nakken av begge kjønn er nesten nakne, med eit tynt dunlag.[3][7]

Hudfarga varierer med underartar, og einskilde har lys eller mørk grå hud og andre som har rosa eller raudleg hud.[1] Hals og lår har rosagrå hud på hofuglar,[7] blågrå, grå eller rosa på hannar avhengig av underart. Dei sterke strutsebeina viser berr hud, med tars, den nedste oppreiste delen av beinet, er dekt med skjel. Slettestrutsen sin tars er den lengste av alle nolevande fuglar, og måler 39–53 cm i lengd.[1] Fuglen har berre to tær på kvar fot til forskjell frå dei fleste fuglar som har fire tær, naglen på den største, og indre tåa liknar ein hov. Yttertåa manglar nagl.[8] Reduksjon i tær for denne arten er ei tilpassing som synest å hjelpe til å springe. Strutsar kan springe med ei fart på over 70 km/t, og kan ha steglengd på 3 til 5 m.[9] Vengespennet på ca. 2 meter.[1][10] Vengene blir brukte i oppvising ved paring og til å danne skygge for strutsekyllingar. Bistrålene på fjørene manglar dei små krokane som låser saman den glatte overflata på dei ytre fjørene på flygande fuglar, i staden er dei mjuke og luftige og tener som isolasjon. Strutsar kan tolerere eit breitt spekter av temperaturar. I store delar av habitata kan temperaturar varierer så mykje som 40 °C mellom natt og dag. Temperaturkontrollmekanismen er avhengig av handlingar, som å bruke vengene til å dekke den nakne huda på lår og kroppssider for å spare varme, eller dei legg saman vengene for å sleppe ut varmen. Dei har 50-60 halefjører, og vengene har 16 primærfjører, fire fjører i alula og 20-23 sekundærfjører.[1]

Slettestrutsen har flat sternum, manglar brystbeinkam som vengmusklar har feste i hos fuglar med flygeevne.[11] Nebba er flate og breie, med ein avrund tupp.[3] Som alle strutsefuglar manglar strutsar kro,[12] og dei manglar òg galleblære.[13] Dei har tre magar, og blindtarmen er 71 cm lang. I motsetnad til alle andre levande fuglar, skil strutsen ut urin separat frå avføringa.[14] Og i motsetnad til alle andre fuglar som samlar urin og avføring i felles utførslegang, kloakken, lagrar dei avføring i endetarmen.[14] Dei har òg unike skambein som er samansmelta for å halde tarmen. Ulikt dei fleste andre fuglane har hannane ytre forplantingsorgan. Ganen skil seg frå andre strutsefuglar ved at kilebein og palatalbein er fråkopla.[1]

Utbreiing og habitat

[endre | endre wikiteksten]

Utbreiingsområdet for slettestrutsen var tidlegare Afrika både nord og sør for Sahara, Aust-Afrika, Afrika sør for regnskogsbeltet, og mykje av Vesleasia.[1] I dag føretrekker strutsar opne område og har naturleg utbreiing Sahel i Afrika og på savannar nord og sør for den ekvatoriale skogssona.[10] I Sørvest-Afrika lever dei i halvørkenen eller i ørkenen. Dei går sjeldan over 100 moh.[1] Oppdrettstrutsen i Australia har etablert populasjonar av villfuglar.[15] Underarten i nærleiken og Midtausten vart jakta til utrydding på midten av 1900-talet.

Sosial og sesongmessige åtferd

[endre | endre wikiteksten]
Lita gruppe slettestruts i Etosha nasjonalpark i Namibia.

I vintermånadene vil strutsar normalt leve parvise eller åleine. Berre 16 prosent av observerte strutsar var i grupper på meir enn to fuglar.[1] Gjennom hekkesesongen, og nokre gonger under ekstremt tørre periodar kan strutsar leve i nomadiske grupper på frå fem til 50 fuglar, som ofte vandrar saman med andre beitedyr som sebraer eller antiloper.[10] Strutsar er dagaktive, men kan vere aktive på månelys netter. Dei er mest aktive tidleg og seint på dagen.[1] Territoriet til ein hannstruts er på mellom 2 og 20 km2.[7]

Med sterkt utvikla syn og høyrsle, kan strutsar bli merksame på rovdyr som løver på langt hald. Når dei blir forfølgt av eit rovdyr, er dei kjente for å nå snøggleik på i overkant av 70 km/t,[1] og kan halde ei jamn fart på 50 km/t, noko som gjer strutsen til verdas raskaste tobeinte dyr.[16] Når dei ligg nede og gøymer seg frå rovdyr, legg fuglane hovudet og halsen flatt på bakken, noko som gjer dei ser ut som ein jordhaug på avstand, gjerne hjelpt av varmedisen i det varme og tørr habitatet.[17][18]

Når dei blir truga, vil strutsane springe bort, men kan valde alvorleg skade og død for ein åtakar med spark frå dei kraftige beina.[10] Beina kan berre sparke framover.[19] I motsetnad til det mange sei, stikk ikkje strutsane hovudet i sanden.[20] Denne myten kan ha byrja med Plinius den eldre (23-79 e.Kr.), som skreiv om strutsane: «førestill deg at heile kroppen er skjult når dei har kasta hovudet og nakken i ein busk.»[21] Det kan òg hengje saman med ei mistyding av at dei plukkar og svelger sand og småstein,[22] eller som National Geographic ymtar om, myten er skapt av den defensive åtferda med å liggje lågt, slik at det ser ut som hovudet er under bakken sett frå avstand.[23]

Strutsar lever hovudsakleg av frø, buskar, gras, frukt og blomar,[1][7] nokre gonger et dei òg insekt som grashopper. Ettersom dei manglar tenner, svelgjer dei småstein som fungerer som gastrolitt til å knuse mat i kråsen. Når maten har gått ned gjennom matrøyret er han i form av ein ball som blir kalla ein bolus. Bolusen kan vere så stor som 210 ml og går til kråsen der han blir handsama av dei nemnde småsteinane. Kråsen kan halde så mykje som 1300 gram, av dette kan opptil 45 % vere sand og småstein.[7] Strutsar kan klare seg utan drikke i fleire dagar ved hjelp av metabolsk vatn og råme i inntatte plantar,[24] men dei likar flytande vatn og tar ofte bad der det er vatn tilgjengeleg.[10] Dei kan overleve tap av opptil 25 % av kroppsvekta gjennom dehydrering.[25]

Reproduksjon

[endre | endre wikiteksten]
Eit strutseegg
Foto: Wikipedia-brukar Raul654
Struts med ungeflokk
Hofugl som rugar på egg i Serengeti i Tanzania
Foto: Joachim Huber

Strutsar blir kjønnsmodne når dei er 2-4 år gamle, hoer mognast omtrent seks månader tidlegare enn hannar. Paringstida byrjar i mars eller april og sluttar ein gong før september. Paringsprosessen varierer gjennom ulike geografiske regionar. Territoriale hannar vernar vanlegvis territorium med harem på to til sju hoer,[26] hannar kan då pare seg med fleire hoer i området, men vil berre danne eit parband med ein spesiell hofugl.[26]

Hannen utfører oppvising med slag med vekslande venge før han vel ein make. Dei vil gå til eit paringsområdet og jagar bort alle inntrengjarar. Paret beitar inntil åtferda deira er synkronisert, beitinga blir då sekundær og hannen slår med vengene igjen, og byrjar å peike i bakken med nebbet. Så slår han valdsamt med vengene sine til han symbolsk ryddar eit reir. Hoa legg seg ned på bakken før paringa tar til.[1]

Hostrutsen legg dei befrukta egga sine i eit einskild felles reir, ei enkel grope, 30–60 cm i djupne og 3 meter i diameter,[27] skrapa ned i bakken av hannen. Den dominerande hoa legg egga sine først, og når det er på tide å dekkje dei for ruging, kastar ho ekstraegg frå dei svakare hoene, slik at totalt om lag ligg 20 i reiret i dei fleste tilfella.[1] Ein hostruts kan skilje sine eigne egg frå dei andre i eit felles reir.[28] Strutseegga er dei største av alle egg, følgjeleg er eggeplomma den største enkeltcella,[29] jamvel om strutseegga faktisk er dei minste egga i høve til storleiken på den vaksne fuglen.[treng kjelde] I gjennomsnitt er egga 15 cm lange, 13 cm i breidd, og veg 1,4 kilogram, over 20 gonger vekta av eit hønseegg, men berre 1-4 % av massen til hostrutsen.[7] Dei er glansa kremfarga, med tjukke skal prega av små groper.[11] Egga blir ruga av hoa på dagtid og av hannane om natta.[28] Dette står i tilhøve med farga på kjønna for å unngå å bli oppdaga på reiret; farga på hoa harmonerer med sandfarge, medan den svarte hannen er nesten umogleg å oppdage i nattemørket.[11] Rugetida er 35 til 45 dagar, noko som er ganske kort i tilhøve til andre strutsefuglar. Dette blir trudd å ha samanheng med den høge predasjonsfrekvensen.[7] Vanlegvis forsvarar hannen ungane og lærer dei å beite, men kjønna samarbeider i å syte for ungane. Færre enn 10 % av reira overlever dei 9 vekene det samla tar for egglegging og ruging, og av dei ungane som blir klekte, overlever berre 15 % til 1-årsalderen.[7] Men blant dei strutsane som overlever til vaksen alder, er arten ein av dei lengstlevande fugleartar. Strutsar i fangenskap har levd i opptil 62 år og 7 månader.[30]

Predatorar

[endre | endre wikiteksten]

Som ein flygeudyktig art i den rike biotopen på den afrikanske savannen, står strutsen ovanfor ei rekkje formidable predatorar gjennom heile livssyklusen. Dyr som jaktar strutsar i alle aldrar kan femne om gepardar, løver, leopardar, afrikanske jakthundar, og flekkhyenar.[1] Strutsar kan ofte springe frå dei fleste forfølgjarar, så dei fleste rovdyra vil prøve å overraske ein umerksam fugl med å skjule seg i vegetasjon eller bak andre gjenstandar.[31] Eit unntak er geparden, som er den mest suksessfulle predatoren på vaksne strutsar på grunn av sin eigen enorme løpshastigheit.[32]

Dyr som er trugsmål mot reir og strutseungar inkluderer sjakalar, ulike rovfuglar medrekna åtselgribbar, vortesvin og mungoar.[28][33] Viss reiret eller ungar bli truga, kan ein av foreldra eller begge freiste skape ein distraksjon ved å simulere skade.[7] Men dei kan nokre gonger kjempe intenst mot rovdyr, spesielt når dei vernar ungane, og strutsar kan vere i stand til å drepe sjølv dei største fiendane sine, løver, i slike konfrontasjonar.[23]

Underartar med utbreiing

[endre | endre wikiteksten]
Struthio camelus massaicus-par i Kenya

Underartar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013.[34]

Eit anna takson, tidlegare klassifisert som underarten S. c. molybdophanes i søraustlege Etiopia, nordaustre Kenya og Somalia, blei godtatt som ein sjølvstendig art, somalistruts, i 2015.[35][36]

Populasjonen av ville strutsar har minka drastisk dei siste 200 åra, og dei fleste overlevande fuglane finst i reservat eller på strutsefarmar.[1] Men framleis er utbreiingsområdet så stort at IUCN og BirdLife International handsamar arten som livskraftig.[37] med 5 underartar. Underarten i Midtausten, S. c. syriacus, blei utrydda rundt 1966, og bestanden av den nordafrikanske strutsen, S. c. camelus, har falle til eit nivå der han no er inkludert på CITES Appendix I, og somme handsamar han som kritisk trua.[38][39][40]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,00 1,01 1,02 1,03 1,04 1,05 1,06 1,07 1,08 1,09 1,10 1,11 1,12 1,13 1,14 1,15 1,16 1,17 1,18 1,19 1,20 1,21 Stephen Davies (2002). Ratites and Tinamous. ISBN 978-0198549963. 
  2. Doherty, James G. (March, 1974). «Speed of animals». Natural History (The American Museum of Natural History). 
  3. 3,0 3,1 3,2 Gilman, Daniel Coit; Peck, Harry Thurston; Colby, Frank Moore, red. (1903). «Ostrich». The New International Encyclopædia XIII. New York, NY: Dodd, Mead and Company. s. 497–498. Henta 31. januar 2013. 
  4. Brown, L. H.; Urban, E.K.; Newman, K. (1982). «Ostriches and to Birds of Prey». I Curry-Lindahl, Kai. The Birds of Africa I. London, UK: Academic Press. s. 32–37. ISBN 978-0-12-137301-6. 
  5. Martin, G. R.; Katzir, G. (Dec, 2000). «Sun Shades and Eye Size in Birds». Brain Behavior and Evolution 56 (6): 340–344. doi:10.1159/000047218. 
  6. Martin, G. R.; Ashash, U.; Katzir, Gadi (2001). «Ostrich ocular optics». Brain Behavior and Evolution 58 (2): 115–120. doi:10.1159/000047265. 
  7. 7,00 7,01 7,02 7,03 7,04 7,05 7,06 7,07 7,08 7,09 Davies, S. J. J. F.; Bertram, B. C. R. (2003). «Ostrich». I Perrins, Christopher. Firefly Encyclopedia of Birds. Buffalo, NY: Firefly Books, Ltd. s. 34–37. ISBN 1-55297-777-3. 
  8. Fleming, John (1822). Canterbury brings the Middle East to the Midwest 2. Edinburgh, UK: Archibald Constable & Co. s. 258. 
  9. San Diego Zoo's Animal Bytes: Ostrich. Sandiegozoo.org. Henta 31. januar 2013.
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 Donegan, Keenan (2002). «Struthio camelus». Animal Diversity Web. University of Michigan Museum of Zoology. Henta 31. januar 2013. 
  11. 11,0 11,1 11,2 Nell, Leon (2003). The Garden Route and Little Karoo. Cape Town: Struik Publishers. s. 164. ISBN 1-86872-856-0. [daud lenkje]
  12. Brand, T.S.; Gous, R.M. (2006). «Feeding ostriches». I Bels, Vincent L. Feeding in Domestic Vertebrates. Wallingford, UK: Cabi Publishing. s. 136–155. ISBN 1-84593-063-0. 
  13. Marshall, Alan John (1960). Biology and Comparative Physiology of Birds. Academic Press. s. 446. 
  14. 14,0 14,1 Skadhauge, E.; Erlwanger, K. H.; Ruziwa, S. D.; Dantzer, V.; Elbrønd, V.S.; Chamunorwa, J.P. (2003). «Does the ostrich (Struthio camelus) have the electrophysiological properties and microstructure of other birds?». Comparative Biochemistry and Physiology – Part A: Molecular & Integrative Physiology 134 (4): 749–755. PMID 12814783. doi:10.1016/S1095-6433(03)00006-0. 
  15. BirdLife International 2012. Struthio camelus. I: IUCN 2012. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2012.2. <www.iucnredlist.org>. Henta 31. januar 2013.
  16. Desert USA (1996). «Ostrich». Digital West Media. Henta 31. januar 2013. 
  17. Werness, Hope B. (2006). The Continuum Encyclopedia of Animal Symbolism in Art. London: Continuum. s. 300. 
  18. Hiskey, Daven (12. august 2010). «Ostriches Don’t Hide Their Heads in the Sand». Todayifoundout.com. Henta 31. januar 2013. 
  19. Halcombe, John Joseph (1872). Halcombe, John Joseph, red. Mission life. 3 Part 1. W. Wells Gardner. s. 304. 
  20. Gosselin, Michael (2010). «Ostrich». Natural History Notebooks. Canadian Museum of Nature. Henta 31. januar 2013. 
  21. Kruszelnicki, Karl (2006). «Ostrich head in sand». ABC Science: In Depth. Australian Broadcasting Corporation. Henta 31. januar 2013. 
  22. Thomas, David (15. mai 2008). «Why ostriches DON'T bury their heads in the sand... and the surprising truths behind other great animal myths | Mail Online». Daily Mail. Henta 31. januar 2013. 
  23. 23,0 23,1 National Geographic Society (2009). «Ostrich Struthio camelus». Henta 31. januar 2012. 
  24. Maclean, Gordon Lindsay (1996). The Ecophysiology of Desert Birds. Berlin: Springer-Verlag. s. 26. ISBN 3-540-59269-5. 
  25. Davies, S.J.J.F.; Bertram, B. C. R. (2003). «Ostrich». I Perrins, Christopher. Firefly Encyclopedia of Birds (på engelsk). Buffalo, NY: Firefly Books, Ltd. s. 34–37. ISBN 1-55297-777-3. 
  26. 26,0 26,1 Bertram, Brian C.R. (1992). The Ostrich Communal Nesting System. Princeton University Press.
  27. Harrison, C.; Greensmith, A. (1993). Bunting, E., red. Birds of the World. New York, NY: Dorling Kindersley. s. 39. ISBN 1-56458-295-7. 
  28. 28,0 28,1 28,2 Bertram, B.C.R. (1979). «Ostriches recognise their own eggs and discard others». Nature 279 (5710): 233–234. PMID 440431. doi:10.1038/279233a0. 
  29. Hyde, Kenneth (2004). Zoology: An Inside View of Animals (3rd utg.). Dubuque, IA: Kendall Hunt Publishing. s. 475. ISBN 0-7575-0170-2. 
  30. Wood, Gerald (1983). The Guinness Book of Animal Facts & Feats. Sterling Publishing Co. ISBN 978-0-85112-235-9. 
  31. Namibia Wildlife | Leopard kills ostrich on an open plain | Wildlife sightings in Sossusvlei Arkivert 2013-10-22 ved Wayback Machine.. Wildwatch.com. Henta 31. januar 2013
  32. Ostrich. The Animal Files. Henta 31. januar 2013
  33. Thouless, C.R.; Fanshawe, J.H.; Bertram, B.C.R. (1989). «Egyptian Vultures Neophron percnopterus and Ostrich Struthio camelus eggs: the origins of stone-throwing behaviour». Ibis 131: 9–15. doi:10.1111/j.1474-919X.1989.tb02737.x. 
  34. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 23. mars 2014 
  35. Somali Ostrich Struthio molybdophanes. Henta frå http://www.birdlife.org den 2. oktober 2017
  36. Clements et al, Updates & Corrections – August 2015 Ref til side 2
  37. BirdLife International, 2013
  38. Thiollay, J.M. (2006). «Severe decline of large birds in the Northern Sahel of West Africa: a long-term assessment.». Bird Conservation International 16: 353–365. 
  39. CITES (3 APR 2012). «Appendices I, II and III». Convention on International Trade in Endangered Species of Wild Fauna and Flora. Henta 13 Jun 2012. 
  40. Roots, Clive. Flightless Birds. Westport, CT: Greenwood Press. s. 26. ISBN 0-313-33545-1. Henta 2006. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Slettestruts