Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Smektitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oxfordleire (juratida) nær Weymouth i England.

Smektitt er eit samleomgrep for ei gruppe leirmineral som svell i kontakt med vatn. Dei er sjiktsilikat med utbyttbare kation og varierande vassinnhald mellom sjikta. Dei viktigaste minerala i denne gruppa er montmorillonitt, beidellitt, hectoritt, nontronitt, saponitt og volkonskoitt.