Sola i Karlstad
Sola i Karlstad | |
Statuen Sola i Kallsta utanfor stadshotellet i Karlstad | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 1. januar 1739 Karlstad |
Død |
24. september 1818 (79 år) |
Yrke | forretningsdrivande |
Sola i Karlstad på Commons |
Sola i Karlstad, eigentleg Eva Lisa Holtz[1][2] (1. januar 1739–24. november 1818), var ein svensk vertshushaldar som er blitt eit kjent symbol for byen Karlstad.
Liv
[endre | endre wikiteksten]Eva Lisa Holtz var fødd i Karlstad den 1. januar 1739. Ho dreiv eit vertshus som låg på tomt 156 i byen. Ho vart kjend for sitt glade og «solfylte» humør, og fekk derfor tilnamnet «Sola i Karlstad». Vertshuset blei kjend som «Solas».
Ved utgravingar i sentrale Karlstad i byrjinga av 2000-talet på byggjetomta til et nytt kjøpesenter fann Riksantikvarieämbetet restane av vertshuset til Sola. Restane vart ikkje tatt vare på, men i staden vart dei hivne på fyllinga.[3]
Utanfor stadshotellet i Karlstad står ein statue av Eva Lisa Holtz, med tittelen Sola i Karlstad. Denne statuen er utført av skulptøren Herman Reijers og vart oppstilt på denne plassen i 1985.[4]
Meir sol i Karlstad
[endre | endre wikiteksten]Det finst fleire litterære referansar til sol og solskin i Karlstad. Romanen Solen i Karlstad (1904), skrive av pseudonymet Gunnar Forssman, er ein av dei. Hovudpersonen i romanen, Elsa, blir kalla Solen i Karlstad. Til Öjebokören (grunnlagt i 1955 i Karlskoga) skreiv Rune Lindström 1957 songen «Te dans mä karlstatösera» (seinare kjend gjennom Sven-Ingvars), der ei linje i innleiinga lyder «mitt öga det blänker som sol i Karlstad stad».
Karlstads kommun gjorde i 1989 ei glad sol til sin logo. Logoen var teikna av kunstnaren Lasse Sandberg, og hadde allereie vore i bruk sidan 1984, då byen feira 400-årsjubileum.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sola i Karlstad» frå Wikipedia på svensk, den 30. september 2010.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Människor och sägner». Värmlands Museum. Henta 26. april 2008.
- ↑ «Sola i Karlstad». Region Värmland, Länsstyrelsen i Värmlands län och Visit Värmland. Henta 26. april 2008.
- ↑ Arne Skorup. «Solas värdshus hamnade på tippen"». Nya Wermlandstidningen. Henta 20. mai 2010.
- ↑ Marie Karlsson. «Skärvor från "Sola"». Värmlands Folkblad. Henta 26. april 2008.