Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Sondre Guttormsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sondre Guttormsen


Statsborgarskap Noreg, USA
Fødd 1. juni 1999 (25 år)
Davis
Idrett friidrett
Tok del i VM i friidrett innendørs 2022 – Stavsprang menn

Sondre Guttormsen (fødd 1. juni 1999) er ein norsk friidrettsutøvar, fødd i Davis i delstaten California i USA, som kom på delt sjetteplass i stavhopp under EM i friidrett 2018 i Berlin, der han sette norsk rekord i øvinga ved å ta seg over 5,75 meter. Han er medlem i Ski Idrettslag.

Guttormsen sette i slutten av juli 2018 ny personleg rekord i stav med 5,60 meter ved eit stemne i Karlstad. Vel to veker seinare klarte han 5,75 m i EM-finalen i Berlin, noko som gav han ein delt sjetteplass i meisterskapen. Samstundes forbetra han den norske stavrekorden med tre centimeter, den gamel rekorden på 5,72 m sette Trond Barthel sommaren 1996.

I 2019 flytta han norgesrekorden til 5,80 meter.

Under eit stemne i Chula Vista i USA i 2021 forbetra Guttormsen den norske rekorden til 5,81 meter.

Under Diamond League-finalen i september 2022, Weltklasse Zürich, vart Guttormsen nummer to og tangerte den norske rekorden i stavsprang på 5,86.[1]

  1. «Jakob med historisk seier - Sondre med rekordtangering». friidrett.no (på norsk). Henta 25. september 2022.