Spinell
Utsjånad
Spinell | |||
Spinell | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Oksydmineral Spinellgruppa | ||
Kjemisk formel | MgAl2O4 | ||
Strunz-klassifisering | 04.BB.05 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Forskjellig; raud og rosa til blå til lilla, mørkegrøn, brun, svart | ||
Krystallform | Kubisk, åttesidig | ||
Krystallsystem | Isometrisk | ||
Kløyv | Utydeleg | ||
Brot | Muslig, ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 7.5–8.0 | ||
Glans | glasaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 3.6–4.1 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Isotrop | ||
Brytingsindeks | 1.719 | ||
Pleokroisme | Fråverande | ||
Oppløyselegheit | ingen | ||
Andre eigenskapar | Ikkje-magnetisk, ikkje-radioaktiv, stundom fluorescerande (raud) | ||
Kjelder | [1] |
Spinell er eit kubisk mineral, eit magnesiumaluminiumoksid, MgAl2O4. Det kan innehalde noko krom (picotitt) eller jarn (pleonast eller ceylonitt).
Klåre, farga varietetar blir brukt som edelstein, særleg den raude spinellrubinen frå Myanmar og Sri Lanka. Elles kan mineralet vere fargelaust, grønt eller blått. Vanleg spinell finst i metamorfe bergartar, særleg i marmor og i alluviale førekomstar.
Spinellar vert òg laga syntetsisk i fleire fargar og er ein populær smykkestein.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Raade, Gunnar. (19. juni 2012). Spinell: mineral. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/spinell%2Fmineraler.
- Raade, Gunnar. (15. februar 2009). Spinell: syntetisk. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/spinell%2Fsyntetisk.