Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Storbørja

Koordinatar: 65°27′18.446″N 12°40′2.0496″E / 65.45512389°N 12.667236000°E / 65.45512389; 12.667236000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

65°27′18.446″N 12°40′2.0496″E / 65.45512389°N 12.667236000°E / 65.45512389; 12.667236000 Storbørja er ein fjordarm av Velfjorden i Brønnøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 7 km austover til Børiøyra i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Trolldalen i nord og Endbøren i sør. I tillegg til garden Børiøyra på sørsida av fjorden, ligg Storbørja på nordsida inst i fjorden. Ingen av gardane har vegsamband. Lomselva munnar ut inst i fjorden ved Børiøyra.

Namnet -børja kjem truleg av «*Børja» av borg, 'terasse', som opphavleg kan ha vore eit namn på ei av elvene som renn ut ved garden inst i fjordbotnen av Storbørja.[1]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]