Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Stove

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stove eller stue (av norrønt stofa, stoga eller stufa) kan visa til ulike typar bygningar og opphaldsrom.[1] I dag er det til vanleg brukt om opphaldsrom i eit hus som bestestove og kvardagsstove. Kvardagsstova er der ein oppheld seg til dagleg, medan bestestova var brukt i spesielle høve som julefeiring og når det kom gjestar. Tidlegare var ordet «stove» også brukt som synonym til bustadhus/våningshus.