Strontianitt
Utsjånad
Strontianitt | |||
Strontianite frå Slovakia | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Karbonatmineral | ||
Kjemisk formel | SrCO3 | ||
Strunz-klassifisering | 05.AB.15 eller 5/B.04-20 | ||
Dana-klassifisering | 14.01.03.03 | ||
Krystallsymmetri | Ortorombisk - Dipyramidal H-M-symbol: 2/m 2/m 2/m Romgruppe: Pmcn | ||
Einingscelle | a = 5.1 Å, b = 8.4 Å, c = 6.0 Å; Z = 4 | ||
Identifikasjon | |||
Molekylvekt | 147.63 g | ||
Farge | Fargelaus, kvit, grå, lysegul, grøn eller brun; fargelaus i transmittert lys | ||
Krystallform | prismatisk, nålforma, pseudoheksagonal, skiveforma til trådaktig, korna, massiv | ||
Krystallsystem | Ortorombisk | ||
Tvilling | Særs vanleg, vanlegvis kontakt, sjeldan penetrering, òg repetert | ||
Kløyv | {110} nesten perfekt, {021} dårleg, {010} spor | ||
Brot | Undermuslig til ujamn | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 3½ | ||
Glans | glasaktig, harpiksaktig på brot, feittete | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomsiktig til gjennomskineleg | ||
Spesifikk vekt | 3.74 til 3.78 Gjennomsiktige versjonar er tyngde enn dei andre | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Toaksa(-) | ||
Brytingsindeks | nα = 1.52, nβ = 1.66, nγ = 1.67 | ||
Dobbeltbryting | 0.15 | ||
2V-vinkel | Målt: 7°, Utrekna: 12° til 8° | ||
Ultrafiolett fluorescens | Nesten alltid fluorescerande | ||
Oppløyselegheit | Oppløyseleg i fortynna saltsyre | ||
Endrar seg til | Celestin SrSO4 | ||
Kjelder | [1][2][3][4] |
Strontianitt er eit kvitt eller svakt farga mineral, eit strontiumkarbonat, SrCO3. Det krystalliserer rombisk og er isomorft med aragonitt. Det finst særleg på gangar i kalk- og mergelbergartar.
Minarelet vart namngjeven i 1791 ëtter lokaliteten Strontian i Argyllshire i Skottland, der grunnstoffet strontium vart oppdaga året før.[1]
Det er utgangsmateriale for framstilling av strontiumsambindingar.
Mineralet er ikkje kjent frå Noreg.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Strontianitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/strontianitt.
- ↑ 1,0 1,1 Gaines et al (1997) Dana’s New Mineralogi Eighth Edition. Wiley
- ↑ Strontianite on Mindat.org retrieved 23/08/11
- ↑ Webmineral Strontianite data retrieved 23/08/11
- ↑ Strontianite i Handbook of Mineralogi retrieved 24/08/11