Sufa i Israel
Sufa | |||
סוּפָה | |||
kibbutz | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Eshkol | ||
Koordinatar | 31°14′14.28″N 34°20′29.04″E / 31.2373000°N 34.3414000°E | ||
Folketal | 234 (2015) | ||
Grunnlagd | 1982 | ||
• Grunnlagd av | evakuerte nybyggjarar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Sufa i Israel 31°14′14″N 34°20′29″E / 31.2373°N 34.3414°E | |||
Kart som viser Sufa i Israel.
| |||
Wikimedia Commons: Sufa, Israel | |||
Nettstad: www.sufa.org |
Sufa (hebraisk skrift סוּפָה, tyder Storm) er ein kibbutz i Hevel Shalom-området nordvest i Negev og ein grenseovergang mellom Israel og Gazastripa.
Kibbutzen
[endre | endre wikiteksten]Kibbutzen ligg i Eshkol regionale kommune. I 2006 hadde han 241 innbyggjarar. Han vart grunnlagd i 1982 av tidlegare innbyggjarar i Sufa, ei israelsk busetjing på Sinai som vart evakuert som eit ledd i den egyptisk-israelske fredsavtalen. Namnet kjem frå kraftige sandstormar som pleidde å råke den opphavlege busetnaden. Nord for kibbutzen, der Nirim låg frå 1946 til 1949, ligg minnesmerke «Dangur», til minne om dei åtte falne soldatane i det egyptiske åtaket på Nirim.[1]
Grenseovergangen
[endre | endre wikiteksten]Sufa grenseovergang var tidlegare open for palestinarar som arbeidde på israelske gardar. Under den andre Intifada vart grenseovergangen og militærbasen like ved utsett for fleire palestinske åtak, og overgangen har i periodar vore stengd.[2][3] I oktober 2007 vart overgangen lukka, og Kerem Shalom var den einaste vegen over grensa. I november, trass motstand i IDF, som meinte det var vanskelegare å vakte over denne overgangen enn Kerem Shalom, valde viseforsvarsministeren Matan Vilnai å opne opp att overgangen.[4] Han har sidan blitt nytta til å transporte humanitær hjelp til Gazastripa.[5]
I mai 2008 vart overgangen igjen lukka etter eit bombekastaråtak som skadde ein israelsk soldat.[6] Eit par dagar seinare protesterte tusenvis av palestinarar mot den israelske blokaden. Seks personar skal ha blitt skadde av IDF under demonstrasjonen.[7] On June 1, about forty israelske farmers protested at the crossing, in a bid to stop the transportation of goods into the Strip despite the ongoing Qassam rocket barrages.[6][8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sufa i Israel» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2015.
- ↑ Mapa's concise gazetteer of Israel. Yuval Elʻazari (ed.). Tel-Aviv: Mapa Publishing. 2005. s. 387–388. ISBN 965-7184-34-7.(he)
- ↑ Dei sameinte nasjonane. The Gazastripa: Access Report January 2006 (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 13. oktober 2009. Henta 9. september 2015.
- ↑ Jissakaroff, Avi (4. oktober 2014). «Crossings used to bring aid into Gaza closed due to terror alerts». Haaretz. Henta 9. september 2015.
- ↑ «Vilnai Opens Sufa Crossing Despite IDF Objections». Arutz Sheva. 15. november 2007. Henta 9. september 2015.
- ↑ «Humanitarian assistance to Gaza since Feb 27 escalation in terror». Israelsk utanriksdepartement. Henta 9. september 2015.
- ↑ 6,0 6,1 Haaretz Service (1. juni 2008). «IDF soldier moderately wounded by palestinsk fire in south Gaza». Haaretz. Henta 9. september 2015.[daud lenkje]
- ↑ Waked, Ali (30. mai 2008). «Report: 6 Palestinians injured by IDF fire in Gaza». Ynetnews. Henta 9. september 2015.
- ↑ Atlas, Yonat. «Farmers protest at Sufa crossing against ongoing rocket barrages». Ynetnews. Henta 9. september 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2008-06-28 ved Wayback Machine. (he)