Sverre L. Mo
Sverre L. Mo | |||
Fødd | 25. januar 1915 Kvam herad | ||
---|---|---|---|
Død | 10. oktober 2002 (87 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, bilmekaniker | ||
Alle verv |
|
Sverre Larsson Mo (25. januar 1915–10. oktober 2002) var ein norsk bilmann og politikar frå Kvam i Hordaland. Han representerte Hordaland og Kristeleg Folkeparti på Stortinget i fire periodar frå 1965.
Mo var son til ein gardbrukar på garden med same namn i dåverande Vikøy sokn. Sjølv starta han opp ei bilrute, Bilgodsruten Hardanger-Bergen, i 1934. Dette firmaet eigde og dreiv han fram til 1978. Frå 1946 eigde han òg bilverkstaden Mo Auto, eit firma som i 1968 opna verkstad også i Kvinnherad. Fire år seinare selde han frå seg Mo Auto.
Mo var med i kommunestyret i Kvam 1948-55 og 1960-73. Mest heile tida var han med i formannskapet.
På Stortinget var Mo medlem av Justiskomitéen frå 1965 til -69. Sidan var han medlem av Samferdslekomitéen til han forlet Stortinget i 1981, på same tid som han også var med i Fullmaktskomitéen. Han var medlem av Valkomitéen 1965-69 og 1973-77.