Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Svinghjul

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stasjonær bensinmotor frå 1898 med to store svinghjul.

Svinghjul er eit hjul med stort tregleiksmoment, som ein oppnår ved at hjulkransen har stor masse og stor diameter. Eit slikt hjul treng lang tid på å endra farten når det vert påverka av eit kraftmoment. Det vert nytta til å jamne ut gongen i stempelmaskinar, t.d. bensinmotorar og dieselmotorar.

I stempelmotorar må det til energi for å komprimere bensin-luftblandinga i sylinderen før ho vert tend. Denne energien vert henta frå svinghjulet, som er festa på Veivakselen til motoren. På grunn av stor tregleik fører dette berre til ein liten reduksjon av rotasjonshastigheita i kompresjonstakta til motoren. Svinghjulet glattar med andre ord ut endringar i rotasjonshastigheita og fungerer som eit lågpassfilter.

I einskilde køyretøy nyttar ein svinghjul som lager for rørsleenergi. Ved oppbremsing blir svinghjulet sett i rask rotasjon. Denne rotasjonsenergien blir igjen nytta når køyretøyet skal starte eller auke farten.

Fleire instrument nyttar svinghjul for å avgjere ei retning, som i eit gyrokompass, eller å definere eit plan, som i ein kunstig horisont. Viss svinghjulet er i rask rotasjon må det ei viss kraft til for å få endra retninga på rotasjonsaksen, noko som krev tilførsel ev energi. Dette blir òg utnytta i svingefartsmålar.