Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Synna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synna før tunnelen til Dokkfløyvatnet

Synna er ei elv i Nordre Land kommune i Innlandet. Ho kjem ut frå Synnfjorden (796 moh.) ved Synnsætra, nordaust for Synnfjell, og renn i sør-søraustleg retning inntil ho tar imot Gjerda ved Fagerlund. Frå her renn ho søraustover før ho munnar ut i Dokka ved Åmot.

I samband med Dokkfløy utbygginga er mykje av vatnet i Synna overført i tunnel til Dokkfløymagasinet. Vatnet frå denne demninga går i tunnel til Torpa kraftstasjon og så vidare til Dokka kraftverk.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.