TVC 15
TVC 15 Singel av David Bowie frå albumet Station to Station | ||
B-side |
We Are the Dead | |
---|---|---|
Utgjeve | 30. april 1976 | |
Innspelt | September og november 1975 | |
Studio | Cherokee og Record Plant, Los Angeles | |
Sjanger | ||
Lengd | 5:33 (album) 3:43 (singel) | |
Selskap | RCA | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
«Golden Years» (1976) |
TVC 15 | «Stay» (1976)
|
«TVC 15» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie og gjeven ut i 1976 på albumet hans Station to Station.
Songen var inspirert av ein episode der Iggy Pop, under ein dopinfluert periode heime hos Bowie, hallusinerte og trudde at fjernsynet hadde ete kjærasten hans.[2] Bowie utvikla ei soge om eit holografisk fjernsyn, TVC 15. Etter at kjærasten kraup inn i fjernsynet og forsvann, ønskjer han å krype inn sjølv for å finne ho.[3]
Songen er blitt kalla «upassande munter» og «den særaste hyllesten til The Yardbirds ein kan tenkje seg».[4] Kritikaren Robert Christgau skildra songen som ei «uimotståeleg» blanding av Lou Reed, disco og Huey Smith.[5]
Han vart vald ut som den andre singelen frå albumet i Storbritannia, der han nådde 33. plassen. Då Bowie ikkje lunne spele på showet Top of the Pops for å marknadsføre singelen, vart det nytta ei bisarr tolking av dansetruppen Ruby Flipper. B-sida «We Are the Dead» var henta frå det tidlegare albumet Diamond Dogs. Songen nådde 64. plassen på Billboard-lista i USA og topp 20 i Sverige.
I Amerika vart «Stay» vald ut som den andre singelen frå albumet.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle songar skrivne av David Bowie.[6]
- «TVC 15» – 3:43
- «We Are the Dead» – 4:58
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Produsentar:
- Musikarar:
- David Bowie: solovokal, saksofon
- Warren Peace: perkusjon, korvokal
- Carlos Alomar, Earl Slick: elektrisk gitar
- George Murray: bass
- Dennis Davis: trommer
- Roy Bittan: piano
Konsertversjonar
[endre | endre wikiteksten]- Eit konsertopptak frå 23. mars 1976 kom ut på Live Nassau Coliseum '76, som vart gjeven ut i 2010 på nyutgjevingar av Station to Station, og i 2016 i plateboksen Who Can I Be Now? (1974–1976),[7] og til slutt som eit sjølvstendig album i 2017.
- Opptak frå «Heroes»-turneen i 1978 er komen ut på Stage (1978) ogWelcome to the Blackout (2018).
- Den 14. desember 1979 framførte Bowie «TVC 15» som musikalsk gjest på Saturday Night Live, akkompagnert av Klaus Nomi og Joey Arias.
- Bowie song songen på Live Aid-konsertane i juli 1985. Denne var langt raskare og meir livleg enn originalen.
Andre utgjevingar
[endre | endre wikiteksten]- Songen finst på fleire samleplater:
- The Best of Bowie (1980)
- Fame and Fashion (1984)
- Sound and Vision-boksen (1989)
- Bowie: The Singles 1969-1993 (1993)
- The Singles Collection (1993)
- Best of Bowie (2002)
- Singelversjonen finst på The Best of 1974/1979.
- Ein versjon som er kortare enn singelversjonen finst på Christiane F. soundtrack.
- Songen vart gjeven ut som ei biletplate i RCA Life Time-settet.
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Comateens – Comateens
- The Wannadies - Only Bowie (1995)
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Liste (1976) | Plassering |
---|---|
Den franske singellista | 53 |
Sverige (Sverigetopplistan)[8] | 18 |
UK Singles (Official Charts Company)[9] | 33 |
US Billboard Hot 100[10] | 64 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «TVC 15» frå Wikipedia på engelsk, den 9. august 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Buckley, David (2000) [1999]. Strange Fascination – David Bowie: The Definitive Story. London: Virgin. ISBN 0-7535-0457-X.
- Carr, Roy; Murray, Charles Shaar (1981). Bowie: An Illustrated Record. Eel Pie Pub. ISBN 978-0-38077-966-6.
- Pegg, Nicholas (2004) [2000]. The Complete David Bowie. London: Reynolds & Hearn. ISBN 1-903111-73-0.
- ↑ Woodstra, Christopher (2008). All Music Guide Required Listening : Classic Rock. Backbeat. s. 24. ISBN 978-0879309176.
- ↑ Pegg 2004, s. 223.
- ↑ Buckley 2000, s. 274.
- ↑ Carr & Murray 1981, s. 78–80.
- ↑ Christgau, Robert (1981). «David Bowie: Station to Station». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the '70s. Ticknor & Fields. ISBN 0-89919-026-X.
- ↑ «TVC 15» (Single liner notes). David Bowie. UK: RCA Victor. 1976. RCA 2682.
- ↑ Who Can I Be Now? (1974–1976) (Box set booklet). David Bowie. UK, Europe & US: Parlophone. 2016. 0190295989842.
- ↑ "Swedishcharts.com – David Bowie – TVC 15". Topp 60. Hung Medien.
- ↑ "Chart Stats – David Bowie – TVC 15" UK Singles Chart. Chart Stats.
- ↑ "Bowie?f=379&g=Singles David Bowie Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for David Bowie. Prometheus Global Media.