Taco
Utsjånad
Taco (spansk ’bunt’, ’klosse’) er ein mexicansk måte å ete ulike matretter ved hjelp av eit pannekakeliknade brød av mais- eller kveitemjøl kalla tortilla. I det mexicanske og sentralamerikanske kjøkenet er tortillaen oftast av kvitt maismjøl og vert servert mjuk og varm. Gult, blått eller raudt kan førekome. I tex-mex-kjøkenet vert det ofte nytta tacoskjell av tørka maistortilla gjort på gult maismjøl. Tortillaen vert fylt med kjøt, bønner, salat og sausar.
Taco kom til Noreg i 1965.[1] Det kom etter førespurnadar frå amerikanske arbeidarar som arbeidde offshore i Nordsjøen som var busette i Stavanger.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Holen, Øyvind. «taco» (på norsk bokmål). Store norske leksikon på snl.no. Henta 27. mars 2023.
- ↑ Rolv Christian Topdahl; Øystein Otterdal & Ruth Einervoll Nilsen. «– Vi solgte taco og tortillachips før alle andre» (på norsk bokmål). NRK. Henta 27. mars 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Taco» frå Wikipedia på svensk, den 20. mai 2007.