Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Takson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit takson er ei kategorisk eining som vert nytta om ei gruppe organismar i biologisk systematikk. Ulike takson vert plassert i eit hierarkisk system, der små takson fell inn under større.

Dei grunnleggjande taksona i Linnés system er, frå øvst til nedst:

Ein nyttar i tillegg forstavingar som «over-», «under-» og «infra-» som tilpassing til evolusjonshistoria.

I kladistikken nyttar ein oftast ordet klade om takson.