Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Tancred Ibsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tancred Ibsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. juli 1893
Gausdal kommune
Død

4. desember 1978 (85 år)
Oslo

Yrke filmregissør, skribent, kunstmålar, skodespelforfattar, manusforfattar, filmklyppar, lyrikar, militær flyger, offiser
Språk norsk
Far Sigurd Ibsen
Mor Bergliot Ibsen
Ektefelle Lillebil Ibsen
Tancred Ibsen på Commons

Tancred Ibsen (11. juli 18934. desember 1978) var ein norsk filmregissør og føregangsmann innan norsk film. Han stod bak den første norske lydfilmen, Den store barnedåpen, i 1931.

Lillebil og Tancred Ibsen.

Tancred var son av Sigurd og Bergliot Ibsen og dermed soneson av Henrik Ibsen og dotterson av Bjørnstjerne Bjørnson. Han vart fødd i Gausdal, men voks opp i Oslo, Stockholm og Italia ettersom familien flytte. Han utdanna seg først til offiser og flygar. Tancred møtte Sofie Krohn, betre kjend som skodespelaren Madame Lillebil, under Verdsutstillinga i Oslo i 1914, og gifta seg med henne i 1919.

Det var under ein av Lillebil sine turnéar i USA at han blei introdusert for filmskaping, og i åra 1924–25 arbeidde han som assistent i Hollywood. Så drog Tancred Ibsen tilbake til Noreg og tok til med å laga eigne filmar, gjerne basert på norsk litteratur. Den store barnedåpen kom ut i 1931, deretter Fant i 1937, Gjest Baardsen i 1939, Tørres Snørtevold i 1940, Den farlige leken i 1942, Venner i 1960 og Vildanden i 1963.