Teddybjørn
Teddybjørn eller bamse er eit mjukt leiketøy som førestiller ein bjørn. Det blei utvikla ved byrjinga av 1900-talet, med to omtrentleg samtidige opphavsstader: Leiketøyprodusenten Morris Michtom i USA og Richard Steiff, som arbeidde for verksemda til tanta si Margarete Steiff, i Tyskland. Teddy-namnet er avleidd frå det til den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt. Teddybjørnar blei populære leiker for barn som opptredde i soger, songar og filmar.[1]
Soge
[endre | endre wikiteksten]Theodore Roosevelt hadde tilfeldigvis vore innblanda i ei jakthistorie med ein bjørn i 1902. Han nekta å skyta ein bjørn som andre hadde fanga for han. Karikaturteiknarar elska å framstilla hendinga, og då dei fyrste teddybjørnane blei lagt ut for sal i USA blei dei kalla Teddy's Bear etter presidenten. Dette blei etterkvart til Teddy bear, eller teddybjørn på norsk.
Kongeparken i Rogaland har ein egen temapark vigd teddybjørnar og andre kosedyr.[2] To av heltane i parken er Brumle og Brumleline.
Lunds Tivoli er det selskapet som deler ut flest teddybjørnar i året i Noreg. Lunds Tivoli blei skipa i 1895, og var ein av dei fyrste importørane av bamsar til Noreg.
Teddybjørnar i kulturen
[endre | endre wikiteksten]Teddybjørnar har inspirert songar, forteljingar og andre medium, mellom anna:
- Ole Brumm
- SuperTed
- «Teddyen min» – Lille Grethe
- «Teddybjørnens vise» – Alf Prøysen
- «Teddybjörnen Fredriksson» – Lasse Berghagen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ David Cannadine (1. februar 2003). «A point of view - The Grownups with teddy bears». BBC News. Arkivert frå originalen 5. juni 2020. Henta 1. februar 2013.
- ↑ Ove Heimsvik (20. mai 2014). «Norrønaprisen til Kongeparken». Stavanger Aftenblad. Arkivert frå originalen 26. november 2016. Henta 25. november 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Teddybjørn» frå Wikipedia på bokmål, den 17. oktober 2021.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Marcel Gauts, Kronen på merket, 2005, Spartacus Forlag ISBN 82-430-0334-7