Thunder Bay
Thunder Bay | |||
by | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Provins | Ontario | ||
Areal | 447,5 km² | ||
Folketal | 108 843 (2021)[1] | ||
Thunder Bay 48°22′56″N 89°14′46″W / 48.3822°N 89.2461°W | |||
Bydelane i Thunder Bay.
| |||
Wikimedia Commons: Thunder Bay, Ontario |
Thunder Bay er ein by i provinsen Ontario i Canada. Han ligg der elva Kaministiquia renn ut i Øvresjøen, nordvest i innsjøen. City of Thunder Bay har 109 140 innbyggarar (2006),[2] og eit areal på 328,48 km².[2]
Skogs- og transportindustri dominerer næringslivet i byen.
Staden har innlandsklima, trass i påverknad frå den veldige Øvresjøen som gjer at somrane er noko kaldare og vintrane noko varmare enn breiddegraden tilseier.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Dei første europearane var franske pelsjegerar som kom til området på 1600-talet. Her grunnla dei nokre handelsstasjonar ved staden dei kalla Baie de Tonnere. Gjennom fredsavtalen etter sjuårskrigen, inngått år 1763, fekk Storbritannia råderett over heile området, til liks med heile Ny-Frankrike. Britane bygde i år 1798 ei festning ved namn Fort William, som med tida voks til ein liten by. På 1800- og 1900-talet busette mange immigrantar seg i området, som i mange andre stader i Canada.
By og storbyområde
[endre | endre wikiteksten]Dagens by vart danna 1. januar 1970 då grannebyane Fort William og Port Arthur vart slegne saman, og i lag med dei nærliggande landsbyane McIntyre og Neebing vart til Thunder Bay. Sjølve tettstaden har 103 247[3] innbyggarar (2006) på eit areal på 179,71[3] km².
Storbyområdet Thunder Bay Census Metropolitan Area har 122 907 innbyggarar (2006)[4] på eit areal på 2 550,4 km².[4] Området består av byen Thunder Bay, kommunane Conmee, Gillies, Neebing, O'Connor, Oliver Paipoonge og Shuniah, og urfolksreservatet Fort William 52.
Idrett
[endre | endre wikiteksten]Verdsmeisterskapen på ski i nordisk greiner for 1995 vart arrangert i Thunder Bay. Fred Børre Lundberg, Tommy Ingebrigtsen, Sture Sivertsen, Erling Jevne, Bjørn Dæhlie og Thomas Alsgaard var dei norske utøvarane som vann VM-gull.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www12.statcan.gc.ca/census-recensement/2021/dp-pd/prof/details/page.cfm?Lang=F&SearchText=Thunder%20Bay&GENDERlist=1,2,3&STATISTIClist=1&DGUIDlist=2021A00053558004&HEADERlist=1.
- ↑ 2,0 2,1 Statistics Canada Flatevidd og innbyggartal for provinsar, territorium og kommunar ved folketeljinga den 16. mai 2006
- ↑ 3,0 3,1 Statistics Canada Flatevidd og innbyggartal for dei urbaniserte områda ved folketeljinga den 16. mai 2006
- ↑ 4,0 4,1 Statistics Canada Flatevidd og innbyggartal for storbyområda ved folketeljinga den 16. mai 2006
- Denne artikkelen bygger på «Thunder Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2011.