Tim Lobinger
Tim Lobinger | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 3. september 1972 Rheinbach |
Død | 16. februar 2023 (50 år) München |
Idrett | stavsprang, golf |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996 |
Tim Lobinger (3. september 1972–16. februar 2023) var ein tysk stavhoppar frå Rheinbach i Nordrhein-Westfalen. Han vann innandørs-EM 1998 og 2002, innandørs-VM 2003, og tok medalje i tre friidretts-EM på rad; sølv i 1998, bronse i 2002 og sølv i 2006.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Lobinger presterte personbeste den 24. august 1997, med di han i Köln svinga seg over 6,00 meter, ein prestasjon han gjorde om att i 1999-sesongen. I mellomtida vann han han med 5,80 m innandørs-EM 1998 i Valencia, med eitt færre riv enn landsmannen Michael Stolle, og han vart andremann med 5,81 m i Friidretts-EM 1998 i Budapest, her tapte han gullstriden mot Maksim Tarasov med tre fleire mislukka hopp enn den russiske utøvaren.
I året 2002 vann Lobinger innandørs-EM i Wien ved å gå over 5,75 m i sitt fyrste forsøk,toaren og trearen i tevlinga trong høvesvis to og tre forsøk på same høgda. Under EM i friidrett 2002 i München enda dei same tre utøvarane opp med 5,80 m i sluttprotokollen, Lobinger fekk der bronsen, landsmannen Lars Börgeling sølvmedaljen og svenske Patrik Kristiansson vart nummer fire, Aleksandr Averbukh som representerte Israel vart europameister med 5,85 m.
Lobinger var den einaste som klarte 5,80 m då innandørs-VM 2003 fann stad i Birmingham. Han heldt i 2005 og 2006 fram med å sanke medaljar i innandørs-meisterskap; ein EM-bronse i Madrid i 2005 og VM-bronse i Moskva året etter. Under europameisterskapen 2006 i Göteborg tok Lobinger seg over 5,50 m og 5,65 m i fyrste forsøk, det same gjorde Romain Mesnil frå Frankrike. I kraftig regnver heldt det til sølvmedaljar, gullet gjekk til Averbukh på 5,70 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 1993 i Stuttgart: Utslått i kvalfiseringa (5,35 m=nr 32)
- EM 1994 i Helsinki: Utslått i kvalfiseringa (5,40 m=nr 21)
- VM 1995 i Göteborg: Nr 11 – 5,40 m
- OL 1996 i Atlanta: Nr 7 – 5,80 m
- VM 1997 i Aten: Nr 4 – 5,80 m
- EM 1998 i Budapest: Sølvmedalje – 5,81 m
- VM 1999 i Sevilla: Nr 6 – 5,70 m
- OL 2000 i Sydney: Nr 13 – 5,50 m
- EM 2002 i München: Bronsemedalje – 5,80 m
- VM 2003 i Paris: Nr 5 – 5,80 m
- OL 2004 i Aten: Nr 11 – 5,55 m
- VM 2005 i Helsinki: Nr 5 – 5.50 m
- EM 2006 i Göteborg: Sølvmedalje – 5,65 m
- VM 2007 i Osaka: Nr 8 – 5.81 m
- OL 2008 i Beijing: Utslått i kvalfiseringa (5,55 m=nr 16)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tim Lobinger» frå Wikipedia på tysk og «Tim Lobinger» frå Wikipedia på engelsk, den 6. august 2019.