Together Through Life
Together Through Life Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 28. april 2009 | |
Innspelt | Desember 2008 | |
Sjanger | Folkrock, bluesrock | |
Lengd | 45:33 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Jack Frost (Bob Dylan pseudonym) | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
The Bootleg Series Vol. 8: Tell Tale Signs: Rare and Unreleased 1989–2006 (2008) |
Together Through Life | Christmas in the Heart (2009)
|
Together Through Life er det 33. studioalbumet til Bob Dylan, utgjeve 28. april 2009 på Columbia Records. Albumet gjekk rett inn på førsteplassen i fleire land, mellom anna i USA[1] og Storbritannia. Det var det første albumet til Dylan på toppen av den britiske albumlista sidan New Morning i 1970.[2][3] Albumet er òg det einaste til Dylan som har lege på toppen av både den amerikanske og den britiske albumlista samstundes.
Dylan skreiv alle songane på albumet bortsett frå ein i lag med tekstforfattaren til Grateful Dead, Robert Hunter, som han hadde skrive to songar med før i 1988 på albumet Down in the Groove. I eit intervju med magasinet Rolling Stone snakka Dylan om samarbeidet: «Hunter er ein gammal kamerat, og me kunne truleg skrive hundre songar i lag om me meinte det var viktig eller dei rette årsakene var der... Han har ein måte å skrive tekst på, og det har eg òg. Me skriv begge forskjellige typar songar enn det som i dag vert rekna som låtskriving.»[4] Den einaste andre låtskrivaren Dylan hadde samarbeidd med i same grad før var Jacques Levy, som han skreiv det meste av Desire med i 1976.
Albumet fekk to Grammynominasjonar for beste americana-album og beste rockesong for «Beyond Here Lies Nothin'».
Komposisjon og innspeling
[endre | endre wikiteksten]Med seg på albumet har Dylan det vanlege turnebandet sitt på denne tida, i tillegg til David Hidalgo frå Los Lobos og Mike Campbell frå Tom Petty and the Heartbreakers.[5] Dylan sa om gitarspelinga til Campbell i eit intervju med Flanagan: «Han er bra med meg. Han har spelt så lenge med Tom at han høyrer alt frå synspunktet til ein låtskrivar og han kan spele nesten kva som helst.»
Utgjeving
[endre | endre wikiteksten]Rykte om albumet vart rapportert i Rolling Stone og kom overraskande på, utan offisielle pressemeldingar før 16. mars 2009, mindre enn to månader før albumet kom ut.[6] Dylan produserte plata under pseudonymet Jack Frost, som han hadde brukt på dei førre to studioalbuma sine, Love and Theft og Modern Times. Albumet fekk rykte om å bestå av «kjempande kjærleikssongar» og ha få likskapar med Modern Times.[6]
«Beyond Here Lies Nothin'» vart gjort tilgjengeleg for gratis nedlasting i berre ein dag, den 30. mars 2009 via den offisielle nettsida til Dylan.
Plateomslag
[endre | endre wikiteksten]Biletet på framsida av plateomslaget er det same som framsida på novellesamlinga til den amerikanske forfattaren Larry Brown, Big Bad Love. Biletet er teken av Bruce Davidson.
Opphav og sitat
[endre | endre wikiteksten]Som med somme av dei førre albuma til Dylan, har Dylan tilpassa tekstar frå andre songar og blanda dei inn i sin eigen tekst - om enn kanskje noko mindre opplagt enn på dei førre albuma.[7] Linja «If you ever go to Houston, you better walk right» er teken frå folkesongen «Midnight Special»: Dylan spelte munnspel på Harry Belafonte si innspeling av songen i 1962.
I ein samtale med journalisten Bill Flanagan, publisert på den offisielle nettsida til Bob Dylan, spurte Flanagan om ein likskap mellom den nye plata og lyden av Chess Records og Sun Records, som Dylan meinte kom som ei følgje av «måten instrumenta vart spelte på». Han sa at opphavet til plata kom då den franske filmskaparen Olivier Dahan spurte han om ein song til den nye vegfilmen My Own Love Song, som vart «Life is Hard».[5] I følgje Dylan ønskte Dahan eit heilt album med songar[8] - og «så tok plata på eit vis si eiga retning.»[5]
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Samla karakter | |
Kjelde | Karakter |
Metacritic | 76/100[10] |
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [11] |
The A.V. Club | A-[12] |
Blender | [13] |
Mojo | [14] |
Paste | 8.1/10[15] |
Pitchfork Media | 5.4/10[16] |
Robert Christgau | B+[17] |
Rolling Stone | [18] |
The Times | [19] |
Tiny Mix Tapes | [20] |
Uncut | [21] |
Mottakinga av albumet har stort sett vore positiv. Albumet har ein poengsum på 76 av 100 på MetaCritic.[10] Under intervjuet sitt med Flanagan sa Dylan: «Eg veit fansen min vil like det. Utover det anar eg ikkje».[5]
Rolling Stone gav albumet fire av fem stjerner og skildra albumet som «mørkt og dystert, ofte forvirrande». David Fricke i Rolling Stone skreiv «Dylan, som blir 68 i mai, har aldri høyrdest så herja, forbanna og energisk ut».[18] BBC meinte at albumet var «ei meisterleg tolking av amerikansk folkemusikk frå 1900-talet, men gjennomført med nokre skøyaraktige tekstmessige tvistar» og samanlikna det med «ei slags Chicago urban blues-hyllest». I følgje Mojo «er Together Through Life eit album som set klypa til tidleg og nekta å sleppe taket». Skribenten skildra det som «mørkt, men skapar likevel velvære».[14] Uncut og Blender gav begge albumet fem av fem stjerne og sa det «utruleg bra.» iF Magazine.com sa det «utforskar bluessida av dugleiken hans i ei lett, men herleg samling av ti originale songar.»
Versjonar
[endre | endre wikiteksten]Albumet finst som ein enkel CD med berre dei originale songane til Dylan, og i ei tredobbel luksusutgåve med sjølve albumet, «Friends & Neighbors»-episoden av Theme Time Radio Hour, som er radioprogrammet til Dylan, og ein DVD med eit intervju med den første manageren til Dylan, Roy Silver (spelt inn for Martin Scorsese-dokumentaren No Direction Home, men ikkje nytta der).
Det finst òg ein dobbel LP-utgåve med dei same songane som på CD-utgåva. I USA vart CD-plata inkludert med vinylutgåva.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]- Plate ein
All tekst er skriven av Bob Dylan og Robert Hunter, utanom der andre er nemnde; all musikk er komponert av Dylan.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Beyond Here Lies Nothin'» | 3:51 | |
2. | «Life Is Hard» | 3:39 | |
3. | «My Wife's Home Town» | Willie Dixon, Dylan, Hunter | 4:15 |
4. | «If You Ever Go to Houston» | 5:49 | |
5. | «Forgetful Heart» | 3:42 | |
6. | «Jolene» | 3:51 | |
7. | «This Dream of You» | Dylan | 5:54 |
8. | «Shake Shake Mama» | 3:37 | |
9. | «I Feel a Change Comin' On» | 5:25 | |
10. | «It's All Good» | 5:28 |
Då ein førehandstinga albumet frå iTunes, fekk ein i tillegg eit bonusspor, ein versjon av «Lay Lady Lay» som var frå ei øving i 1969.
- Plate to
- Theme Time Radio Hour: Friends & Neighbors
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Howdy Neighbor» (Porter Wagoner & The Wagonmasters) | J. Morris | |
2. | «Don't Take Everybody to Be Your Friend» (Sister Rosetta Tharpe) | M.Gabler, R. Tharpe | |
3. | «Diamonds Are a Girl's Best Friend» (T-Bone Burnett) | L. Robin, J. Styne | |
4. | «La Valse de Amitie» (Doc Guidry) | O. Guidry | |
5. | «Make Friends» (Moon Mullican) | E. Mcgraw | |
6. | «My Next Door Neighbor» (Jerry McCain) | J. McCain | |
7. | «Let's Invite Them Over» (George Jones & Melba Montgomery) | O. Wheeler | |
8. | «My Friends» (Howlin' Wolf) | C. Burnett, S. Ling | |
9. | «Last Night» (Little Walter) | W. Jones | |
10. | «You've Got a Friend» (Carole King) | C. King | |
11. | «Bad Neighborhood» (Ronnie & The Delinquents) | Caronna, M. Rebennack | |
12. | «Neighbours» (The Rolling Stones) | M. Jagger, K. Richards | |
13. | «Too Many Parties and Too Many Pals» (Hank Williams) | B. Rose, M. Dixon, R. Henderson | |
14. | «Why Can't We Be Friends» (War) | S. Allen, H. Brown, M. Dickerson, J. Goldstein, L. Jordan, C. Miller, H. Scott, L. Oskar |
- Plate tre
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Roy Silver – The Lost Interview (DVD)» |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Andre medverkande
- Mike Campbell – gitar, mandolin
- Tony Garnier – bassgitar
- Donnie Herron – steelgitar, banjo, mandolin, trompet
- David Hidalgo – trekkspel, gitar
- George Receli – trommer
- Teknisk personell
- David Bianco – innspeling, miksing
- Eddy Schreyer - mastering
- Rafael Serrano – lydteknikar
- David Spreng – lydteknikar
- Bill Lane – assisterande lydteknikar
- Rich Tosti – assisterande lydteknikar
Salslister
[endre | endre wikiteksten]Albumet debuterte på toppen av Billboard 200 og selde 125 000 eksemplar den første veka. Han gjekk til topps på Top Internet Album, Top Digital Album, Tastemaker, Top Rock Album og Most Comprehensive Album.
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
2009 | Australia (ARIA)[22] | 5 |
Austerrike (Ö3 Austria)[23] | 1 | |
Belgia (Ultratop Flandern)[24] | 3 | |
Belgia (Ultratop Vallonia)[25] | 13 | |
Canada[26] | 1 | |
Danmark (Hitlisten)[27] | 1 | |
Nederland (GfK-lista)[28] | 3 | |
Finland (Suomen virallinen-lista)[29] | 6 | |
Frankrike (SNEP)[30] | 9 | |
Tyskland | 2 | |
Irland[31] | 2 | |
Italia (FIMI)[32] | 6 | |
New Zealand (RMNZ)[33] | 3 | |
Noreg (VG-lista)[34] | 2 | |
Spania (PROMUSICAE)[35] | 4 | |
Sverige | 1 | |
Sveits (Schweizer Hitparade)[36] | 2 | |
UK Albums Chart[37] | 1 | |
U.S. Billboard 200[1] | 1 |
Salstrofé
[endre | endre wikiteksten]Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Irland (IRMA)[38] | Gull | 7 500x |
Storbritannia (BPI)[39] | Gull | 100 000^ |
Verda over(IFPI) | ||
1,000,000[40] | ||
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Together Through Life» frå Wikipedia på engelsk, den 8. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- «Bob Dylan beats The Enemy to Number One». NME. 3. mai 2009. Arkivert frå originalen den 7. januar 2018. Henta 7. januar 2018.
- «Bob Dylan Talks About Working With Robert Hunter On 'Together Through Life'». Rolling Stone. 3. mai 2009. Arkivert frå originalen den 29. mai 2017. Henta 7. januar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (australian-charts.com)». Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (austriancharts.at)» (på tysk). Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (charts.org.nz)». Hung Medien. Arkivert frå originalen 22. april 2014. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (danishcharts.com)» (på dansk). Hung Median. Arkivert frå originalen 29. april 2016. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (dutchcharts.nl)» (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (finnishcharts.com)» (på finsk). Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (hitparade.ch)» (på tysk). Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (italiancharts.com)» (på italiensk). Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (lescharts.com)» (på fransk). Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (norwegiancharts.com)» (på Norwegian). Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (spanishcharts.com)» (på spansk). Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (ultratop.be/fr)» (på fransk). Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- «Bob Dylan – Together Through Life (ultratop.be/nl)» (på nederlandsk). Hung Medien. Henta 4. februar 2018.
- Caulfield, Keith (6. mai 2009). «Bob Dylan Bows Atop Billboard 200». Billboard. Arkivert frå originalen 12. januar 2017. Henta 7. januar 2018.
- Chadwicked (2. mai 2009). «Bob Dylan: Together Through Life». Tiny Mix Tapes. Arkivert frå originalen 3. mai 2009. Henta 28. januar 2018.
- Christgau, Robert. «Bob Dylan». Consumer Guide. Arkivert frå originalen den 15. november 2017. Henta 26. januar 2018.
- duBrowa, Corey (28. april 2009). «Bob Dylan: Together Through Life». Paste. Arkivert frå originalen den 29. april 2009. Henta 28. januar 2018.
- Eccleston, Danny (17. april 2009). «Bob Dylan: Together Through Life». Mojo. Arkivert frå originalen 19. april 2009. Henta 28. januar 2018.
- Erlewine, Stephen Thomas. «Bob Dylan: Together Through Life». AllMusic. Arkivert frå originalen den 6. november 2017. Henta 27. januar 2018.
- Flanigan, Bill (10. april 2009). «Bob Dylan talks about the new album with Bill Flanagan». Bobdylan.com. Arkivert frå originalen 25. april 2011. Henta 7. januar 2018.
- Fricke, David (13. april 2009). «Bob Dylan: Together Through Life». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. april 2009. Henta 27. januar 2018.
- Heylin, Clinton (2011). Behind the Shades: The 20th Anniversary Edition. Faber & Faber. ISBN 978-0-571-27241-9.
- Kreps, Daniel (16. mars 2009). «Bob Dylan’s New Album “Together Through Life” Due April 28th». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. mars 2009. Henta 7. januar 2018.
- Jones, Allan. «The Uncut Album Review: Bob Dylan – Together Through Life». Uncut. Arkivert frå originalen 4. juli 2009. Henta 25. januar 2018.
- Paphides, Pete (17. april 2009). «Bob Dylan: Together Through Life». The Times. Arkivert frå originalen 17. juni 2011. Henta 28. januar 2018.
- Phipps, Keith (5. mai 2009). «Bob Dylan: Together Through Life». The A.V. Club. Arkivert frå originalen den 26. januar 2018. Henta 26. januar 2018.
- Prince, David J. (6. august 2009). «Bob Dylan Christmas Album Coming». Billboard. Arkivert frå originalen den 7. mai 2017. Henta 31. januar 2018.
- Sheffield, Rob. «Bob Dylan: Together Through Life». Blender. Arkivert frå originalen 25. januar 2010. Henta 28. januar 2018.
- «Together Through Life by the Bob Dylan: Critic Reviews». Metacritic. Arkivert frå originalen den 28. januar 2018. Henta 28. januar 2018.
- Wolk, Douglas (30. april 2009). «Bob Dylan: Together Through Life». Pitchfork Media. Arkivert frå originalen den 3. mai 2009. Henta 28. januar 2018.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Caulfield 2009
- ↑ «Bob Dylan Beats the Enemy to Number One». NME.com. Henta 8. oktober 2010.
- ↑ Lindsay, Andrew (4. mai 2009). «Bob Dylan’s first UK #1 in 39 years». Stereokill.net. Henta 8. oktober 2010.
- ↑ Bob Dylan Talks About Working With Robert Hunter On 'Together Through Life'
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 Flanigan 2009
- ↑ 6,0 6,1 Kreps 2009
- ↑ Heylin 2011, s. 838
- ↑ Heylin 2011, s. 837
- ↑ «Bob Dylan: Together Through Life». AnyDecentMusic?. anydecentmusic.com. Henta 13. juni 2018.
- ↑ 10,0 10,1 Together Through Life by the Bob Dylan: Critic Reviews (Metacritic)
- ↑ Erlewine
- ↑ Phipps 2009
- ↑ Sheffield
- ↑ 14,0 14,1 Eccleston 2009
- ↑ duBrowa 2009
- ↑ Wolk 2009
- ↑ Christgau
- ↑ 18,0 18,1 Fricke 2009
- ↑ Paphides 2009
- ↑ Chadwicked 2009
- ↑ Jones
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (australian-charts.com)
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (austriancharts.at)
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (ultratop.be/nl)
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (ultratop.be/fr)
- ↑ «CANOE – JAM! Music SoundScan Charts». Jam.canoe.ca. 5. januar 2012. Henta 19. desember 2018.
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (danishcharts.com)
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (dutchcharts.nl)
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (finnishcharts.com)
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (lescharts.com)
- ↑ «Ireland Albums Top 75 - Music Charts». Acharts.us. Henta 19. desember 2018.
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (italiancharts.com)
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (charts.org.nz)
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (norwegiancharts.com)
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (spanishcharts.com)
- ↑ Bob Dylan – Together Through Life (hitparade.ch)
- ↑ «UK Albums Top 75 - Music Charts». Acharts.us. 8. januar 2012. Henta 19. desember 2018.
- ↑ «Irish album salstrofé – Bob Dylan – Together Through Life». Irish Recorded Music Association.
- ↑ «British album salstrofé – Bob Dylan – Together Through Life». British Phonographic Industry. Enter Together Through Life in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
- ↑ https://www.ntbinfo.no/pressemelding/nytt-album-fra-bob-dylan---fallen-angels---slippes-20-mai?publisherId=8931514&releaseId=10224567