Tollnes Ballklubb
Utsjånad
Tollnes Ballklubb er eit idrettslag heimehøyrande på Tollnes i Skien kommune, skipa 27. september 1932. Tollnes BK er eit reint fotballag som spelar heimekampane på Tollnes stadion i svartstripete trøyer, svarte bukser og gule strømper.
Tollnes BK har for det aller meste spelt på nivå 4-6 i det norske seriesystemet. Laget hadde ei kortare blomstringstid kring år 2000, og i 2002-sesongen deltok laget på nivå 2 i norsk klubbfotball.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tollnes Ballklubb» frå Wikipedia på bokmål, den 15. april 2018.