Tomelilla kommun
Tomelilla kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Skåne län | ||
Landskap | Skåne | ||
Del av | Skåne, Q61465356, Q61465229 | ||
Areal | 397,39 km² | ||
• land | 395,94 km² | ||
• vatn | 1,45 km² | ||
Folketal | 12 942 | ||
Tomelilla kommun 55°33′N 13°57′E / 55.55°N 13.95°E | |||
Kart som viser Tomelilla kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Tomelilla Municipality |
Tomelilla kommune ligg i det svenske fylket Skåne län i landskapet Skåne. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Tomelilla.
Tomelilla kommune ligg på Österlen og grensar til Simrishamn, Kristianstad, Hörby, Sjöbo og Ystads kommun.
Tettstader
[endre | endre wikiteksten]Tomelilla kommune har fem tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1 | Tomelilla | 6 204 |
2 | Brösarp | 700 |
3 | Onslunda | 453 |
4 | Smedstorp | 372 |
5 | Lunnarp | 343 |
Kulturliv
[endre | endre wikiteksten]I Tomelilla kommune finst fleire galleri og kunstnarar med eigne atelier. I administrasjonssenteret Tomelilla ligg Tomelilla Konsthall med ein biletkunstskule for barn og ungdom, og Tomelilla Jazzarkiv for eldre ungdom. Christinehofs slott i Andrarum nord for Tomelilla er velkjend for sine utandørskonsertar med internasjonalt kjende artistar og andre populære arrangement.
Venskapskommunar
[endre | endre wikiteksten]Tomelilla kommune har venskapskommunar i Noreg, Danmark og Finland.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tomelilla kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: