Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Tonghua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tonghua
byprefektur
Land  Folkerepublikken Kina
Areal 15 611,54 km²
Folketal 1 302 778 (2020)[1]
Kart
Tonghua
41°43′49″N 125°56′49″E / 41.73015°N 125.94705°E / 41.73015; 125.94705
Wikimedia Commons: Tonghua
Tonghua (gul) i Jilin

Tonghua (kinesisk skrift 通化, pinyin Tōnghuà) er eit byprefektur i provinsen Jilin i Kina I sør-søraust grensar Tonghua mot Nord-Korea og i vest-sørvest mot provinsen Liaoning. Prefekturet har eit areal på 15 698 km² og 2 325 242 innbyggjarar i 2010. 506 877 menneske budde i sjølve byen.

Byprefekturet Tonghua omfattar to distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).

Samferdsle

[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 201 i Kina fører gjennom området. Han tek til i Hegang i provinsen Heilongjiang og går via mellom andre Mudanjiang og Dandong sør til Liaodong-halvøya til Lüshunkou/Dalian. Også Kinas riksveg 303 fører gjennom området. Han går frå Ji'an i Jilin til Xilinhot i Indre Mongolia.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://tjj.jl.gov.cn/tjsj/qwfb/202105/t20210524_8079098.html.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tonghua