Tony
Utsjånad
Tony eller Toni er eit førenamn bruka av både menn og kvinner, ei kortform av namn avleidde av det latinske slektsnamnet Antonius.
Tony har i Noreg namnedag 13. januar.
Bruken av namnet i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Som gutenamn vart Tony populært etter andre verdskrigen, og nådde ein popularitetstopp mot slutten av 1980-åra. Vi finn namnet Toni i bruk frå midten av 1800-talet, både hos jenter og gutar, først i Vest-Agder.
- I folketeljinga frå 1801 var namnet ikkje registrert.
- I 1900 var 21 kvinner og menn listeførte med namnet Toni eller Tony, flest i Rogaland.
- I 2008 hadde 1629 menn Tony til første fornamn. 165 heitte Toni
- I 2008 hadde 45 kvinner Toni til første fornamn. 17 heitte Tony
Kjende namneberarar
[endre | endre wikiteksten]Som mannsnamn
[endre | endre wikiteksten]- Tony Curtis (1925-2010), USA-amerikansk skodespelar
- Tony Hillerman (f. 1925), USA-amerikansk forfattar
- Tony Newman (f. 1943), engelsk trommeslagar
- Tony Visconti (f. 1944), USA-amerikansk plateprodusent
- Tony Williams (1945-2007), USA-amerikansk trommeslagar
- Tony Levin (f. 1946), USA-amerikansk musikar
- Tony Blair (f. 1953), engelsk politikar
- Tony Thompson (1954-2003), USA-amerikansk trommeslagar
- Toni Nieminen (f. 1975), finsk skihoppar
- Tony André Hansen (f. 1979), norsk sprangryttar
- Tony Lochhead (f. 1982), newzealandsk fotballspelar
- Tony Ramoin (f. 1988), fransk snøbrettkøyrar
- Toni Kroos (f. 1990), tysk fotballspelar
Som kvinnenamn
[endre | endre wikiteksten]- Toni Frissell (fødd Antoinette Frissell Bacon, 1907-1988), USA-amerikansk fotograf
- Toni Morrison (fødd Chloe Ardelia Wofford, 1931), USA-amerikansk forfattar
- Toni Braxton (f. 1967), USA-amerikansk songar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Olav Veka: Namneboka, Det Norske Samlaget 1991
- Søk etter norsk namnestatistikk for Tony hjå Statistisk Sentralbyrå
- Folketeljingar i Digitalarkivet