Location via proxy:   [ UP ]  
[Report a bug]   [Manage cookies]                
Hopp til innhald

Trapani

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trapani
by
Trapani sett frå Erice
Land  Italia
Region Sicilia
Provins Trapani
Del av Provinsen Trapani
Areal 273,13 km²
Folketal 55 559  (1. januar 2023)
Borgarmeister Girolamo Fazio
Postnummer 91100
Retningsnummer 0923
Kart
Trapani
38°01′03″N 12°30′54″E / 38.0175°N 12.515°E / 38.0175; 12.515
Wikimedia Commons: Trapani

Trapani (Tràpanisiciliansk) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Trapani i regionen Sicilia og har om lag 70 000 innbyggjarar. Han vart grunnlagd av elymiarar og er framleis ein viktig fiskeby og utgangspunktet for reiser til dei nærliggande egadiske øyane.

Trapani vart grunnlagd elymiarar som ein hamn for den nærliggande byen Erice (i antikken Eryx), som ligg oppfor byen i Monte San Giuliano. Han vart opphavleg kalla «Drépanon», det greske ordet for 'sigd', på grunn av forma til hamna. Kartago tok kontroll over byen i 260 fvt. og gjorde han til ein viktig marinebase. Byen vart avstått til Den romerske republikken i 241 fvt. etter Slaget ved Dei egadiske øyane i den første punarkrigen.

To segner frå antikken fortel om korleis byen vart til. Den første segna fortel at Trapani oppstod då gudinna Demeter mista sigden sin, medan ho leita etter dottera Persephone, som Hades hadde kidnappa. Den andre myta fortel om Saturn, himmelguden, som skar far sin Cronus med ein sigd, som han så mista i sjøen.

Byen vart hardt råka under den andre verdskrigen då dei allierte utførte kraftige bombetokt over byen. Turisme har dei seinare åra vorte stadig viktigare, særleg sidan byen ligg nær populære destinasjonar som Erice, Segesta og Dei egadiske øyane.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trapani